Haikar til Nordkapp

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ville du klart å leva på ti kroner dagen?

14 elevar ved Soltun folkehøgskole testar dette. Dei har fått i oppdrag å koma seg frå skulen, som ligg ein time frå Harstad, til Nordkapp på ti dagar. Og budsjettet er ikkje i luksusklassen.

– Me går på backpack surprise-linja. På søndag kveld fekk me utfordringa frå lærarane. Me fekk vita me skulle reisa i ti dagar og leva for ti kroner dagen, fortel Heidi Barsnes frå Sogndal på telefon frå Tromsø på dag to.

LES OGSÅ: Christian (16) går landet på langs

Gratis hotell

Ho fortel turen har fått ein knallstart med gratis haik til Harstad, gratis hurtigbåt til Tromsø og ei natt på hotell- også det utan å betala ei krone.

– Det er veldig stas, folk tek godt i mot oss.

FNs tusenårsmål er åtte konkrete mål for å motverka fattigdom. Dei vart vedtekne i 2000 og skal nåast innan 2015.

Poenget med turen er å bli kjend med måla og formidla dei til andre menneske. Mange fattige lever for berre ti kroner dagen og er avhengige av gjestfridom og gratis mat. Dette har elevane jobba med på skulen og er ballast når dei legg ut på ei to månader lang reise seinare i skuleåret.

LES OGSÅ: Europas lengste langrute til fots klar

Får poeng

Elevane er delte opp i grupper og får poeng for å gjera visse ting og besøka enkelte stader. Det er altså ikkje berre å koma seg raskast til Nordkapp som betyr noko.

– I dag skal me til dømes spørja innvandrarar me møter om korleis det er i heimlandet deira, om det er skuletilbod og om det kostar noko. Tusenårsmål nummer fire er til dømes barnedødelegheit. Då tenkjer me gå på fødeavdelinga og snakka med jordmor og samanlikna dødelegheita i Noreg med heilt andre land, seier Heidi. Jentene på hennar gruppe kjenner eit visst press frå dei andre laga, men så langt ligg dei ganske likt i den lærerike konkurransen.

Ho er ikkje einaste sogndøl med lågt reisebudsjett for tida, også Synne Berteig og Astrid Reppen Solnes går same linja og har dermed utfordrande dagar framfor seg.

Er optimistar

Trass i god start, meiner Heidi dei ikkje kan venta like mykje flaks dei neste dagane. Då må dei vera kreative og optimistiske.

– Eg trur det er fullt mogleg å koma seg til Nordkapp.

Les saka i Sogn Avis!