– Ta stilling til organdonasjon

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ditt ja kan redda sju liv

Helse- og omsorgsministeren er ein av svært mange som har sagt ja til organdonasjon. Bent Høie håpar fleire vil ta stilling til spørsmålet på donasjonsdagen som blei markert i helga.

Kan redda liv
– Å bestemma seg for å bli donor er noko av det enklaste ein kan gjera for å redda livet til eit anna menneske. Eg blir stolt av at mange nordmenn allereie seier ja, og håpar dei også pratar om det og inspirerer andre, så kan me bli endå fleire, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) i samband med donordagen.

I ei melding frå departementet heiter det at dei fleste nordmenn seier ja til å donera. Ein donor kan redda opptil sju menneskeliv. Samstundes står 2-300 pasientar til ei kvar tid i kø for livreddande transplantasjon og behovet for organ vil auka i framtida.

LES OGSÅ: Fleire seier ja til organdonasjon

Donorkort
For at pårørande skal sleppa å bestemma for deg, er det viktig å snakka om spørsmålet, meiner Høie.

– Dersom tragedien inntreff kan det vera godt for pårørande å vita kva deira kjære mente om donasjon. Sjølv har eg snakka med mine næraste, og eg har også fylt ut eit donorkort, så det skal ikkje vera nokon tvil, seier Høie.

Les meir på organdonasjon.no.