– Noreg slepp lettare unna klimaendringane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ikkje berre pumpar vi olje opp av havet til den store gullmedaljen, vi slepp også lettare unna problema klimaendringar fører med seg, skriv Aftenposten.

Det konkluderer to av dei fremste vitskapsfolka i landet med etter ti år med Norklima-prosjektet til Forskingsrådet. Cicero-forskar Knut H. Alfsen og biologiprofessor Dag O. Hessen oppsummerer forskingsprosjektet i boka «Klimaendringer i Norge».

Forskarane seier Noreg ser ut til å kome relativt heldig ut av klimaendringane dei neste tiåra. Ein bratt kyst som held havet unna, ein robust byggjestil og eit vêrvant folk blir trekt fram som positive faktorar.

I tillegg vil ein redusert golfstrøm vere med på å svekkje temperaturstigingane her til lands. Meir vatn vil likevel kunne føre til fleire ras og meir flaum.

Les siste klimanytt her!

I Norklima-prosjektet er det forska på fleire emne som har med klimaforandringane å gjere. Dei to forskarane meiner det er verdt pengebruken på éin milliard.

– Det svarar til omtrent 0,2 promille av dagens oljefond, som er blitt til ved å selje olje og gass som er årsaka til heile problemet. Det er eit lite avlat å gi tilbake, seier Hessen.

Dei understrekar at klimaendringar kan få konsekvensar for Noreg også, og at vi heller ikkje kan isolere oss frå dei globale verknadene. (©NPK)

QUIZ: Ta den store klimaquizen!