Glimrande gode Tonje Glimmerdal

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det gnistrar i Glimmerdalen

Å laga teater av den prislønna moderne barnebokklassikaren Tonje Glimmerdal av Maria Parr er ikkje berre, berre. Men Det norske Teatret har verkeleg klart det. Med korsong og Tonje på ski i eit spektakulært svev over scenen blir me tatt rett inn i Glimmerdalen.

Å laga ein heil dal på ei teaterscene – med gardar, elv, veg, helsecamping, frisørsalong, trygdebustader og ferjekai, kan by nokre naturgjevne utfordringar. Men scenograf og kostymedesignar Unni Walstad har gjort det heile svært elegant og effektivt ved hjelp av ei stor dreieskive og eit roterande fjell som plutseleg blir kjøken, stove eller utgangsdør.

Heidi Ruud Ellingsen har hovudrolla som Glimmerdalens «vesle dunder». Ho har eit så levande og energisk kroppsspråk at det smittar over på heile salen. Premieren på laurdag viste eit sjeldant overskot frå både henne og medspelarane hennar. Geir Kvarme er strålande usympatisk som den barnehatande campingplasseigaren Klaus Hagen, og får fram latteren frå mang ein unge gjennom dei gjentakande formaningane og stønna sine.

Kvaliteten på framsyninga syner seg også i små detaljar som løftar førestillinga endå nokre hakk oppover mot klassikarstatus for både store og små. Når Gunvald må hentast med luftambulanse skjer det med fjernstyrt minihelikopter på ein overraskande, morosam og elegant måte. Når koret ikkje seier noko, sit dei oppover langs fjellet og les i ei bok – og jammen er det ikkje Tonje Glimmerdal dei les. Ein av skodespelarane, Bernhard Ramstad, har du garantert sett før som den gamle bestefaren frå The Fox-videoen. Sjå ekstra godt etter på jakka hans – ser du reven?

Framsyninga set heile kjensleregisteret i sving. Det er morosame og rørande scener i fleng. Samspelet mellom Heidi Ruud Ellingsen og Nils Sletta i rolla som Gunnvald er så hjartegodt som det kan bli.

Som ein veit er det frå ungar og fulle folk ein skal høyra sanninga. Og det er ein full mann som seier ein av nøkkelsetninga i både boka og stykket: Det er aldri ungane sin feil. Det er aldri ungane sin feil at dei vaksne finn på dumme ting.


Foto:  Erik Aavatsmark/Det norske teatret


Heidi Ruud Ellingsen som Tonje og Geir Kvarme som Klaus Hagen. Foto: Erik Aavatsmark/Det norske teatret


Foto: Erik Aavatsmark/Det norske teatret

Faktaboks

TEATER

Tonje Glimmerdal
av Maria Parr
dramatisert og regissert av Ivar Tindberg
Det Norske Teatret