Ut av dokkeskapet

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ikkje alle nyutdanna skodespelarar går rett frå studiekvardagen til ein verdsturnè, det gjer samtlege av dei ni avgangselevane ved teaterutdanninga på Høgskulen i Nord-Trøndelag (HINT).

– Når nordmenn tenkjer på dokketeater ser dei gjerne for seg teater i ein boks eller skuggeteater, seier skodespelar Henrik Hoff Vaagen.

LES OGSÅ: Heidra for teater som kryssar grenser

Punkematrosen
Skodespelaren sit på Trikkestallen cafe på Torshov i Oslo. Denne helga husar teaterhuset norske og internasjonale skodespelarar og deira dokker – eller figurar – i alle fasongar. Det er Fri Figur festival, arrangert av Unima Norge (UNion Internationale de la MArionette).

På fanget til kjærasten Annie Dahr Nygaard sit Elvira, ei dokke ho nytta seks veker på å lage i verkstaden til eit fransk teaterkompani.

– Håret er ikkje eit kunstnarisk val, det var det eg hadde. Ho vart ein slags punkematros, seier skaparen.

I helga held Elvira, saman med skodespelarane workshop for folk som vil lære dokketeknikkar under festivalen.

LES OGSÅ: Fleire på opera, færre på teater

Saka fortset under biletet.


Elvira er laga for å styrast av tre skodespelarar.

Dukker til Japan 
Men tilbake til verdsturneen. Dei to skodespelarane er av dei ni heldige nyutdanna som i to år framover skal turnere verda rundt med førestillinga Forget me not, eit samarbeid mellom HINT og teaterkompaniet Compagnie Philippe Genty.

Det byrja som eit avsluttande skuleprosjekt der avgangsklassen ved HINT brukte tre månader i Paris saman med den franske dokketeaterlegenda Philippe Genty. Dei to planlagde førestillingane er no vorte til ein turne som til no har teke dei til Frankrike, Tyskland og Spania. Tidlegare i år vart førestillinga nominert til Palmarès du Thèâtre, den største franske teaterprisen.

Snart står Russland, Japan og Australia står for tur, og her heime vert dei å sjå på scena til Det Norske Teatret til våren att.

LES OGSÅ: Svært godt år for Det Norske Teatret

– Kulturelt teken på senga
Dei få tekstlinene som stykket inneheld vert oversett til språket der stykket spelast. Men teksta er ikkje det einaste som varierer, òg teaterpublikummet forandrar seg frå land til land.

– I Frankrike kjenner dei kompaniet godt. Dei veit kva dei kan vente seg, så folk ler og klapper på dei riktige stadene, forklarar Henrik.

Til samanlikning måtte skodespelarane leggje inn pausar for det tyske publikummet, som trampeklappa midt i førestillinga. Spanjolane derimot sat stille til alt var over.

– Eg hadde trudd det skulle vere litt motsatt og vart litt kulturelt teken på senga av det, smilar Annie.

LES OGSÅ: Feirar 100 år med norsk animasjon

Mørke assosiasjonar
Skodespelarane skildrar førestillinga som noko ulikt alt anna ein har sett. Noko som får fireåringar til å le og vaksne til å grine. Det er dans, musikk og skodespelarar saman med dukker og mannekengar. Litt som nysirkus.

– Før har eg assosiert dokketeater med ting som Sjokedorisei, Gullars og Pompel og Pilt, seier Henrik, som har fått augo opp for verktyet gjennom utdanninga.

Han er truleg ikkje den einaste som får barne-tv-assosiasjonar. Dei trur båe to at norske publikummarar ikkje heilt veit kva dei kan vente seg av dokke- eller figurteater.

– Dokketeater gjev gjerne folk her heime litt mørke assosiasjonar, men eg trur figurteater er i ferd med å få ein oppsving i Noreg, legg kjærasten til.

Dukkeinstrument
Henrik samanliknar dokka med instrumentet til ein musikar.

– Det skjer noko magisk i augneblinken sjåaren ser dokka i augene og ho får liv, meiner han.

– Noko av det som gjer arbeid med dokker så spesielt er at det er eit daudt objekt som berre lever i publikum sin fantasi, fortel Annie.

Skodespelarparet demonstrerer ein gåtur i haustlauvet med Elvira. På ei scene trengst ikkje mindre enn tre skodespelarar for å styre dokka med det spreke håret, det er ei samarbeidsøving med andre ord. Men dokketeater er meir enn teknikk.

– Om ikkje du trur dokka har liv kan du vere så teknisk du berre vil. Det skal ikkje berre vere ein teknisk demonstrasjon av dokka, seier Henrik.

Sjå utdrag frå Forget me not i vindauga under.