Sex og skamliv

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jill er ei sytten år, oppvaksen i ein kristen familie i eit kristent bygdemiljø, og ho er kåt. Ho har foreldre som vonar ho ikkje gjer skam på dei, og ein kjæraste som ikkje vil ligge med henne: Han vil vente med «desserten» til etter «hovudretten» (altså ekteskapet). Så god tid har ikkje Jill, ho er lei av å vente og forelskar seg i historielæraren Peder. Det endar ikkje spesielt godt.

Eksotisk og velkjend
Det er altså både eit eksotisk og velkjent landskap i romanen til Djupvik. Eksotisk, fordi svært få av ungdomar i dag ventar med sex til etter ekteskapet, til og med blant dei aktivt kristne. Ifølgje sosiolog Willy Pedersen er det berre 2 prosent totalt og 10-15 prosent av dei aktivt kristne som sparar seg. Velkjent fordi historia om den dydige jenta som bryt frå sitt dydige miljø for å utforske seksualiteten med ein eldre mann er, vel, ei velkjent historie. Det går sjeldan særskilt bra med desse jentene, fordi dei har i seg for mykje av normene og verdiane frå miljøet dei bryt med. 

Det er dessverre òg tilfelle i Kvitt. Utan å avsløre for mykje av slutten så kan eg seie at det ikkje går særskilt bra, og at jenta som ville bli fri må reddast av far sin. «Det er vel nok no», seier faren til Jill, på siste sida, som om alt som har skjedd i romanen berre har vore eit opprør mot dei, foreldra. Faren får dermed det siste ordet i romanen: «No er du her. No skal eg passe på deg», seier han. Sjeldan har frigjeringsprosessen til ei ung kvinne blitt meir effektivt skoten ned enn her.

Danningsroman eller Lolitahistorie
Det er ei kjærleikshistorie i botnen av romanen, og forteljaren vekslar mellom å fortelje historia frå Jill og Peder sine synspunkt. Det kjenst likevel som om det er Jill som er hovudpersonen i romane, fordi han både startar og sluttar med henne, og fordi det er hennar reise vi følgjer.

Vi kan lese Kvitt antan som ei klassisk danningshistorie der vi følgjer Jill frå naiv jomfru til ei ung kvinne med kjennskap om både verda, seksualiteten kjærleiken, eller vi kan sjå forteljinga som ein versjon av den klassiske lolitahistoria, der forholdet mellom den unge jenta og den eldre mannen står i sentrum. Begge lesemåtane er givande, og begge lesemåtane stadfestar Djupvik som ein finslipt forfattar som maktar å skildre kompleksiteten både i å vekse opp og i å attrå og elske. Jill er ei svært truverdig sytten år gamal karakter, ho er nydeleg i sin lengt etter kjærleiken og eit anna liv. Vakre er òg hennar første, famlande møte med Peder, den der unge, uerfarne eleven freistar å forføre læraren sin, og venskapen ho har med venninna Ida. Romanen er spekka med gode dialogar, og er godt bygd opp. Det er få ting anna enn slutten eg har noko å utsetje på, eg kosar meg under lesinga.

Makt og offer
At eg kosar meg i lesinga tyder likevel ikkje at det er ei koseleg bok. Kjærleiken vil gjerne tru at han kan overvinne alle forskjellar, men så enkelt er det sjeldan, og i alle høve ikkje her. Utover i forholdet blir det synleg at dei to elskarane ikkje ønskjer det same av kvarandre: Ho vil ha han fullt og heilt, ho vil stikke av frå verda med han og berre vere dei to, men han veit at han har alt for mykje å tape på å satse på henne. Som vaksen og erfaren har han i tillegg langt meir makt enn henne, noko som får mykje å seie utover i romanen.

Jill er likevel ikkje eit makteslaust offer. Det er ein av dei svært gode tinga med denne boka: Det ikkje så enkelt at den eine har all makt og den andre har ingen. Jill er lei av plassen ho kjem frå og dei fleste folka der, kanskje forutan Peder og Ida, bestevenninna hennar.
Gjennom romanen er Jill og Ida makkarar, og Ida er gjennom romanen ein som set ord på ting som Jill ikkje tør å seie. For Ida er hakket tøffare enn Jill, og hakket meir framfusen, og dette gjer henne til eit friskt pust. «Eg er så lei av å vere jomfru,» seier til dømes Ida. «Tenk aldri å få sprengt den helvetes jomfruhinna. Eg kjem til å bli heilt desp her». Ida er òg den som treffande og frekt skildrar dei andre jentene i klassen. «Jentene i klassen er strevarar, men ikkje etter karakterar, men sånn mann-og-barn-strevarar. Det einaste dei tenkjer på, er å ikkje gjere skam på familien før dei endar opp med ein mann som kan forsørgje dei godt», seier ho til Jill. 

Problemet til Jill er at ho ikkje er som Ida. Der Ida ønskjer seg «eit liv», ein kjæraste, festar og å miste jomfrudommen, så får ein inntrykk av at Jill ønskjer seg vekk, vekk frå heimbygda, vekk frå tenåringsalderen, vekk frå bakgrunnen sin, og vekk frå seg sjølv. Kanskje er det derfor ho forelskar seg i Peder, fordi han representerer noko anna, og ei mulegheit for henne å forandre seg. Problemet er sjølvsagt at Peder ikkje er interessert i eit langvarig forhold med Jill, noko som tydeleg kjem fram i ein av samtalane etter dei har lagt med kvarandre, kor Djupvik får synt kor god ho er til å lage fine dialogar:

«Kan vi ikkje stikke av i lag» seier Jill medan ho dreg på seg buksa.

«Kvar skulle vi stikke?» spør han og ser på klokka.

Peder ser på klokka, fordi han allereie rett etter at dei har hatt sex tenkjer på familien heime. Peder vil ha Jill, men vil ikkje risikere familien og arbeidet. Det kan sjølvsagt ikkje gå bra for han heller.

Ei ungdoms- eller vaksenbok?
Medan eg las romanen tok eg meg i å undre på om boka eigentleg er ei vaksen- eller ungdomsbok. Kanskje speler det inga rolle, kanskje er det slik at ungdomar uansett let vaksenbøker og omvendt, så kva som står utanpå dei ikkje er så viktig, men eg tok meg likevel i å lure. Eg får kjensla av at boka rettar seg mot ein yngre lesar enn meg, mot ein lesar som står midt opp i det livet som Jill, Ida og dei andre unge lever. Kanskje er det skuggen av dei kristne foreldra, som igjen må ta seg av Jill ved slutten av romanen, som gjer at eg får ei kjensle av ein forteljarstemme som rettar seg mot dei unge, som har fortalt historia delvis for å syne dei kor galt det kan gå med ei ung kristen jente som vil ha seg. 

Det er ikkje sikkert moralismen er forfattaren sin. Kanskje er moralismen samfunnet sitt, kanskje tilhøyrer moralismen foreldra til Jill, dei som skammar seg over henne, når ho fortel om forholdet, og ikkje over han, den gifte mannen som har vore utru. Det er ikkje godt å seie, for forfattaren har nok ein gong valt å avslutte boka der, medan Jill blir redda av foreldra som ikkje klarer å akseptere at ho er som ho er.

Min alternative slutt
Vi får ikkje vite korleis det gjekk med Jill. Kanskje blei ho skremt attende til kyrkja, til armane til Kristoffer, kanskje vil han ha henne likevel, sjølv om ho har hatt seg. Kanskje flytta ho ut etter tredjeklasse, til ein by, kanskje kom ho til ein stad der det var ok å leve ut sine seksuelle preferansar utan å skamme seg. Kven veit?

Men ein ting skal du vite, Jill, eg liker deg, sånn som du er, og det var jysla fint å få lese om deg. Det er ok at du fell saman til slutt, at du blir knekt, det er greitt, sånt skjer jo i livet. Heldigvis er du sytten år, og ting blir betre. 
Vi er heldigvis ikkje sytten år for alltid. Livet går vidare. Og godt er det, kan ein tenkje, når ein les romanar som dette, som på så levande vis skildrar kor jævlig det kan vere å vere nett sytten – jævlig deilig, jævlig intenst, jævlig utmattande, jævlig irriterande. Når alt er nytt, og når alt skal oppdagast. Kvitt skildrar alt dette på glimrande vis. Hadde det ikkje vore for slutten, hadde ho vore ei perle.