Snowden-avsløringar kan skapa vanskar for Noreg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kan skapa vanskar for Noreg

Ifølgje Washington Post åtvarar no dei samarbeidande etterretningstenestene i USA i fleire land mot nye avsløringar frå Snowden.

Den amerikanske avhopparen, som har søkt tilflukt i Moskva, sit ifølgje kjeldene til avisa på over 30.000 topphemmelege etterretningsdokument. Mange av dei handlar om samarbeidet mellom etterretningstenestene i USA og andre land.

Dokumenta skal mellom anna avsløra amerikansk etterretningsverksemd retta mot Russland, drive frå eit alliert NATO-land.

– Programmet har skaffa verdfull etterretning for det amerikanske flyvåpenet og marinen, seier ei kjelde til avisa.

LES OGSÅ:  – Får drahjelp av Snowden-saka

Sentral rolle
Noreg har opp gjennom åra spelt ei sentral rolle i etterretningsverksemda til USA retta mot Russland, noko ei rekkje installasjonar for signaletterretning i Nord-Noreg har vitna om.

– Russland har framleis ambisjonar om å vera ei kjernefysisk supermakt og ei regional militær stormakt. Det er vi nøydde å innretta oss etter, sa sjefen for E-tenesta, generalløytnant Kjell Grandhagen for eit knapt år sidan.

– Vi er ei etterretningsstormakt, supplerte dåverande utanriksminister Espen Barth Eide.

LES OGSÅ: Carter ut mot Obama

Fleire installasjonar
Globus II-radaren i Vardø er blant installasjonane amerikansk etterretning dreg nytte av i Noreg. Radaren ligg berre 40 kilometer frå grensa til Russland. USA har finansiert radaren og står framleis som formell eigar, men det er den norske E-tenesta som driv radaren.

Offisielt blir radaren nytta til å overvaka verdsrommet, medan han ifølgje forskarar er sentral i styringa av amerikanske satellittar.

Frå russisk side blir det hevda at radaren er ein viktig brikke i det såkalla rakettskjoldet til USA, noko også amerikanske forskarar har hevda.

USA nyt også godt av fire andre etterretningsstasjonar i Nord-Noreg, mellom anna i Fauske, Vadsø og Kirkenes der E-tenesta driv innsamling og analyse av signaletterretning.

LES OGSÅ: Tulla om spionbesøk

Fryktar russisk svar
Det er ikkje kjent kva land som blir omtalt i dokumenta som det blir hevda Snowdon sit på, men ifølgje Washington Post vil avsløringane som er venta å koma, truleg få følgjer.

– Får russarane vita om dette, er det ikkje vanskeleg for dei å setja i verk tiltak for å stoppa det, seier ei kjelde til avisa.

Avisa omtalar også dokument som avslører amerikansk etterretning retta mot Kina og Iran, i nokre tilfelle også med bistand frå land om offisielt ikkje står på god fot med USA.

LES OGSÅ: – USA overvakar sosiale medium

Åtvarar
The Office of the Director of National Intelligence, som har det overordna ansvaret for dei 16 ulike etterretningsorganisasjonane til USA, har åtvara dei landa det gjeld om kva ubehag som ligg gøymt i dokumenta Snowdon har.

Berre det å koma med åtvaringar, er til tider svært følsamt i enkelte land. Berre nokre få har ofte vore orientert om det topphemmelege etterretningssamarbeidet med amerikanarane, og sjølv utanriksdepartementet i landet har til tider vore halde utanfor, skriv avisa.

Ingen kommentar
Verken Forsvarsdepartementet eller E-tenesta ønskjer å kommentera saka og svara på om Noreg er mellom dei landa som amerikanarane no har åtvara.

– Etterretningstenesta ønskjer ikkje å kommentera denne saka, seier ein talsmann for forsvarssjefen, oberst Dag Rist Aamoth, til NTB.

Ingen vil heller seia om Noreg no har grunn til å frykta avsløringar som kan skada tilhøvet vårt til Russland.