Carter ut mot Obama

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det seier Jimmy Carter, tidlegare amerikansk president, til den tyske avisa Die Spiegel. Bakgrunnen for utspelet er NSA-skandalen, der varslaren Edward Snowden har avslørt korleis amerikanske myndigheiter overvaker internet- og telefonåtferda til borgarar i USA og fleire andre statar.

Snowden, som har arbeidt både for NSA (National Security Agency) og CIA (Central Intelligence Agency), lekte over lengre tid sentrale dokument til journalisten Glenn Greenwald, tilsett i den britiske avisa The Guardian. Snowden sto fram etter at han hadde flykta til Hongkong, og reiste seinare til Moskva, der han har søkt asyl.

I eit intervju med The Guardian har varslaren fortalt at han fryktar for sitt eige liv. Han hevdar han lekte dei hemmelegstempla dokumenta fordi ålmenta har rett til å vite om overvakinga USA utfører.

Carter støttar Snowden                      
– Han har openbart brote amerikanske lover, og det kan han stillast til ansvar for. Men eg tykkjer overtrampa av menneskerettar og invasjonen av amerikansk privatliv har gått for langt, seier Carter til CNN.

Sjølv om Carter understrekar at Snowden har brote amerikansk lov, gjer han det klart at resultata av handlingane hans kan vere positive.

– Invasjonen av privatlivet har vore omringa av eit ugjennomtrengeleg hemmeleghald, så eg trur det å bringe dette fram for ålmenta har vore, i alle høve i eit langtidsperspektiv, gunstig. Eg meiner det amerikanske folket forten å vite kva kongressen deira gjer, forklarar han.

Manning ventar på dom
Samstundes som Snowden søker asyl i Russland, sit ein annan varslar og ventar på dom i USA. Bradley Manning sto bak dei enorme lekkasjane av dokument til Wikileaks.

Etter at Manning blei arrestert av amerikanske myndigheiter har han sete 1101 dagar i varetektsfengsel, før rettsaka hans starta 3. juni i år.

Rettsaka hans føregår framleis, og vert Manning dømd risikerer han å sitje resten av livet i fengsel.