– Freistar ikkje turistar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Freistar ikkje turistar

– Presentasjonen av ein turistattraksjon er alfa og omega, men der har nordmenn mykje å lære, seier professor Øystein Jensen på Handelshøgskolen i Bodø på nettsida Forskning.no.

– Vi er ikkje profesjonelle nok, særleg viss vi skal skape opplevingar blant utanlandske turistar.

I ein studie i regi av forskingsprogrammet Opplevelser i nord har Jensen sett på kva som skaper interesse for turistattraksjonar. Han konkluderer med at i Noreg er det mange gode anslag som ikkje blir følgde opp.

Jensen nemner Norsk Luftfartssenter i Bodø, Hamsunsenteret i Hamarøy og Norsk oljemuseum i Stavanger som eksempel.

– Sel seg ikkje sjølv
Professoren har besøkt mange ulike turistattraksjonar i inn- og utland som grunnlag for granskinga si.

Blant dei rundt 50 attraksjonane er Disney World, Kennedy Space Center og Universal Studios i Orlando, Mummiland i Finland, Penguin Parade i Australia, Anne Frank House i Nederland, Kristiansand Dyrepark og Nordkapp.

– Fellesnemnaren er at presentasjon er svært viktig. Når attraksjonar ikkje gjer det bra, kjem det i stor grad av at ein har trudd at temaet sel seg sjølv, seier Jensen.

– Det trengst ei profesjonalisering for at publikum skal få ei oppleving og få lære om temaet. Der heng Noreg etter, seier Jensen.

Rockheim har lykkast
Norsk oljemuseum i Stavanger vart bygd opp som eit monument over den norske oljeindustrien, men har stagnert, meiner han.

Som eksempel på ein vellykka attraksjon i Noreg, trekkjer han fram Rockheim i Trondheim.

– Der får folk delta med synging og speling. Det er veldig interaktivt. Eg har også stor tru på Aurora, rakettskytefeltet på Andøya, som er under utvikling. Vert dei rette grepa tatt der, kan det bli ein attraksjon.