mm
Fakta

 Tal på nye asylsøkjarar frå januar til oktober 2013: 9259

798 av desse var einslege mindreårige asylsøkjarar.

Talet på asylsøkjarar auka ed 32 prosent samanlikna med same periode i 2012.

Kjelde: UDI

LES FAKTALUKK FAKTA

– Eg spurde ei dame på mottaket: Vil du ha noko å drikke? Ho var norsklærar. Ho sa: Ja takk, kaffi. Så laga eg kaffi til ho og me sat å prata, fortel Hussein Kazemi.

LES OGSÅ: Til veggs om asylborn

Korte skuledagar
21-åringen kom frå Afghanistan med to yngre brør i 2009. Då var han 17 år. Det første møtet med Noreg var med eit snøfullt land i mars. Kazemi tenkte: Kvar i all verda har eg hamna.

Med berre to timar norskopplæring til dagleg var det ikkje mykje å fylle dagane med, men han hadde eit mål om å lære seg ein setning til dagen.

Kazemi sit saman med syriske Ali Watti (28) og Halat Hassan Mohammad (20) frå Kurdistan. Dei har alle vore asylsøkjarar og budd fleire år på mottak, no fortel dei korleis det er å vere barn og ung på mottak under debatten  «Stemmene som ikke høres», arrangert i samarbeid mellom Raude Krossen ungdom og UngOrg.

Raude Krossen arrangerer aktivitetar for bebuarar på 60 av landets rundt 110 mottak. Eit kjærkome tiltak ifølgje Kirsti Wikstrøm, fagleiar ved Hvalstad transittmottak, der mange asylsøkjarar fått sitt første møte med Noreg. 

Kazemi er mellom dei som no sjølv er med å arrangere aktivitetar for unge på asylmottak annakvar tysdag.

Redd barna er uroa
Vil du ha noko å drikke, var setninga som gjorde at han vart kjend med Gro. Seinare vart Gro som ei mor for han. Sjølv om han no har flytta til Oslo vitjar han Gro og mannen årleg, feirar jul med dei og har vore med dei på ferie til Spania.

Men ikkje alle unge einslege asylsøkjarar er like heldige, det er den gruppa Redd Barna er mest uroa for.

– Dei har lite vaksenkontakt, dei fleste vil snakke med nokon men veit ikkje heilt kven, seier Tirill Sjøvoll, leiar i Redd barna sin kampanje  «Først og fremst barn».

Tidlegare i år gav Redd Barna ut rapporten «En alvorlig stor melding».

Meldinga fortel om barn og unges oppleving av det å vere asylsøkjar på mottak i Noreg.

Den avgjerande aldersgrensa
Talet på unge einslege asylsøkjarar varierer frå år til år. Gutar frå Afghanistan, Somalia og Eritrea mellom 15 og 18 år utgjer brorparten av denne gruppa. Er den einslege asylsøkjaren under 15 år er det barnevernet som har omsorgen for han eller ho. Skal asylsøkjaren vere her i meir enn tre månader vil han eller ho og ha rett til skulegong, men det gjeld ikkje vidaregåande skule.

Aldersvurderinga, som utgjer skiljet mellom full skulegong eller to timar norskopplæring dagleg, har mykje å seie, ifølgje Wikstrøm.

Den gong 17 år gamle Kazemi fekk berre to timar norskopplæring til dagen.

– Me må sikre alle retten til vidaregåande opplæring, meiner Marianne Borgen, bystyrerepresentant for SV i Oslo, saman med Wikstrøm og Ida Berg-Johnsen, bystyrerepresentant for Høgre i Oslo diskuterer ho kva som må gjerast for å betre forholda for unge asylsøkjarar.

Borgen var sjokkert då ho vitja Hvalstad transittmottak og ikkje såg nokon ungdommar klokka ti. Dei sov eller spelte tv-spel.

– Me må stille krav til dei som kjem: Opp om morgonen, gå på skulen og lær noko, vask kleda dine sjølv, spel fotball og ha det gøy.

Misnøgd med regjeringa
Wikstrøm fortel at ressursar er mangelvare på norske asylmottak, både når det kjem til bemanning og materielle ting, som klede til dei som kjem til transittmottaka.

– Dei fleste vert ikkje sett, me er difor glad for frivillige som bidreg med aktivitetar. Bebuarstyrt aktivitet er òg viktig, meiner ho.

Borgen, som har arbeidd tett på asylsøkjarborn i 25 år gjennom barneombodet og Redd Barna, er ikkje nøgd med kva den førre regjeringa har fått gjennom, både med tanke på rett til skule, men òg retten til barnehageplass. Ho vonar at tilhøva vert betre under den nye regjeringa.

– Eg vonar regjeringa får slutt på midlartidig opphald for born mellom 16 og 18 år. Det er barnemishandling sett i system.

LES OGSÅ: – Sviktar mindreårige asylsøkarar

Klagerett
Redd Barna er no oppteken av at barn i Noreg skal få rett til å klage når deira rettigheiter – som står nedfelt i FNs barnekonvensjon – vert krenka. Eit samla Storting har gått inn for å behandle om Noreg skal ratifisera tilleggsprotokollen i FNs barnekonvensjon, der klageretten er sentral. Det ser organisasjonen som ein siger.

Berg-Johnsen i Høgre har sjølv delteke som frivillig med norskopplæring på mottak. Ho er oppteken av at asylordninga er ei ordning for dei som treng det mest, og ikkje vert misbrukt.

– Eg er glad for endringa i asylforskrifta som gjer det lettare for asylsøkjarar å delta i frivillig arbeid, seier Berg-Johnsen, som vonar at busettingsarbeidet vil verte styrka, slik at ein ikkje må vente lenger enn tre månader på ein kommune.

Syriske Ali Watti måtte vente meir enn eit år etter han fekk opphaldstillating til han kunne flytte frå mottaket.

Marianne Borgen peikar på at dei borgarlege partia stemte mot å busetje fleire asylsøkjarar i Oslo, trass i at det er rundt 6000 asylsøkjarar som bur på mottak etter å ha fått opphaldstillating. Ingen vil ha dei.

– Det finnest ingen andre plassar å bu i Noreg, enn i kommunar, seier Borgen.

LES OGSÅ: Krev betre vilkår for asylborna

Ikkje barnevennleg
Det er positive tendensar å spora. Søknadsprossesen og busettingsprosessen for einslege mindreårige går fortare enn før. I løpet av eit år fekk 60 prosent opphald, kjem det fram i rapporten Levekår i mottak for enslige mindreårige asylsøkere.

Dei fleste i denne gruppa bur difor på mottak mellom tre og fem månadar.

Det finnest likevel unge asylsøkjarar som sit lenger fordi dei har fått midlertidig opphald til dei fyller 18, har ankesak hjå utlendingsnemda eller har fått avslag. Det er desse som har det verst på mottak. Situasjonen er usikker og mange utvikler fysiske og psykiske plager.

– Det er ikkje barnevennleg å vere asylsøkjar, slår Sjøvoll i Redd Barna fast.

 


LES OGSÅ

ANNONSE