Rusforskar ber ungdom slappe av og drikke litt

– Enkelte ungdommar ville hatt det betre om dei drakk litt alkohol, seier rusforskar Sverre Nesvåg til Bergens Tidende.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ber ungdom drikke litt

Dagens tenåringar kuttar ut rus og er meir skikkelege enn på lenge. Samtidig har kvar femte jente i 10. klasse depressive symptom.

– Enkelte ungdommar ville hatt det betre om dei drakk litt alkohol. Det handlar om å tillate seg litt slakk, å ikkje tvihalde på kontroll og perfeksjonisme absolutt heile tida, seier Sverre Nesvåg, forskingsleiar ved Regionalt kompetansesenter for rusmiddelforsking i Helse vest (KORFOR) til Bergens Tidende.

LES OGSÅ: – Norsk ungdom har det sjukt bra

Dagens ungdom er mykje heime, jobbar hardt på skulen og er opptekne av å halde seg i form. Det er nokre av konklusjonane i ei nasjonal undersøking av 8.– 10.-klassingar, som nyleg er publisert av Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA).

Men sjølv om ungdommane framtrer som svært skikkelege og mange er fornøgde, fryktar forskarane at perfeksjonismen også fører til sjukdom. 10 prosent rapporterer nemleg om ulike depressive symptom.

– Krava til utsjånad, skuleprestasjonar, god helse og trening er kontinuerlege og skyhøge. For enkelte av ungdommane blir dette tilværet altfor vanskeleg, og det bikkar over. Dei blir sjuke, seier Nesvåg.

LES OGSÅ: Éin av fem treng hjelp mot depresjon

Forskaren åtvarar mot å gjere superspreke atletar til ideal for norske tenåringar.

– Ekstremutøvarar er ikkje gode rollemodellar for folk flest. Då er det mykje betre å sjå til dei som gler seg over eit balansert liv, seier Nesvåg. (©NPK)

Kva seier du til dette? Bør ungdom slappa meir av? Vil det hjelpa å drikka litt alkohol?