Vil ikkje love heilt ferjefri E39

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) varslar ein offensiv politikk for veg og bane i tida som kjem. Men han vil ikkje love å fullt ut innfri planane om ein ferjefri E 39 på Vestlandet.

I den første gjestinga si på Stortinget som medlem av regjeringa, repeterte Solvik-Olsen mange av dei generelle løfteformuleringane i regjeringsplattforma og – erklæringa.

– Vi vil innfri det som står i den nasjonale transportplanen og vel så det. Og vi ser heilskapen i betre vegar, utbygging av bane, meir trafikk over på godstog, konkurransedyktig skipsfart, og fly som trafikkerer heile landet, sa Solvik-Olsen.

LES OGSÅ: Seier nei til ferjefri E39

Miljø
Han forsikra at det ligg ein miljøtankegang under alt den nye regjeringa gjer på samferdselsområdet.

Fleire representantar for dei tidlegare regjeringspartia utfordra samferdselsministeren til utan atterhald å støtte den ferjefrie kyststamvegen på Vestlandet. Dette var eitt av storutspela frå den førre regjeringa, men dei raudgrøne måtte vike plassen før dei fekk finansiert og sett dei storstilte planane ut i livet.

Solvik-Olsen sa at regjeringa gjennom ei ny organisering og nye finansieringsformer vil løfte fram ei rad prosjekt innan veg og bane, blant dei den ferjefrie E 39.

Men han ville førebels ikkje plikte seg meir til E 39 enn til andre prosjekt regjeringa vil setje i gang.

LES OGSÅ: Mest vegpengar til Vestlandet

Fond
– Regjeringa vil opprette eit infrastrukturfond, som er føreseieleg, og som skal gjere vegbygginga betre, billegare og raskare. Eg høyrer at Venstre vil ha eit tilsvarande selskap for jernbanesatsinga. Det er ein interessant tanke. Vi inviterer Stortinget til å diskutere dette og melde tilbake til regjeringa, sa Solvik-Olsen.

Han meinte at eit slikt infrastrukturfond er i samsvar med ei rett tolking av handlingsregelen.

Samferdselsministeren kom ikkje med nokon konkrete overslag om kor mykje pengar regjeringa vil bruke på dei ulike prosjekta. Det blir først klart når regjeringa legg fram tilleggsbudsjettet sitt fredag 8. november.

Men Solvik-Olsen meinte at skipinga av eit infrastrukturfond kan skje ein gong i 2014. (©NPK)