Jon Fosse pustar liv i Fridtjov

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med si nyaste utgjeving tek Jon Fosse steget inn i den norrøne verda av soger. Soga om Fridtjov den frøkne er ei av dei mest kjende norrøne sogene utanfor Noreg, men i heimlandet har denne delen av den norske kulturarven vore vanskeleg tilgjengeleg dei siste ti-åra. Dette ville Noregs nasjonalforfattar, dramatikar og Grotten-buar Jon Fosse gjere noko med, og saman med SKALD forlag gir han no ut ei ny omsetjing av soga. I boka gjengir han den gammalnorske teksten i nytt og lett tilgjengeleg språk, basert på det opphavlege og lengste handskriftet av soga frå 1300-talet.

Første bok på nynorsk
– For meg var det svært interessant å få innsyn i ei så fjern og likevel nær fortid, og også å koma så nær det gammalnorske språket som ein gjer når ein omset, og å sjå kor nært det faktisk er moderne nynorsk, seier Jon Fosse i ei pressemelding.

Den fyrste norske utgåva av handskriftet vart omsett av Ivar Aasen i 1858, og den var den fyrste skjønnlitterære boka på nynorsk. Ho blei prenta som tilleggshefte til bladet Folkevennen. Soga er i dag omsett til dei fleste europeiske språk og er i langt større grad kjend i utlandet enn ho er i Noreg. Denne nye omsetjinga gjer soga underhaldande og lettlesen, samstundes som boka gir godt innsyn i både tru, skikkar og mentalitet i vikingtida.

Fridtjov – helten til keisaren
Fridtjov den frøkne og kongsdattera Ingebjørg voks opp som fostersysken hos ein god bonde inne i Sogn med namnet Hildeng. Far til sogehelten var hersen Torstein Vikingsson, som budde på Framnes, i dag Vangsnes. Ingebjørg var dotter av Kong Bele, og søster til Helge og Halvdan. Bele og sønene synest ikkje at Fridtjov var god nok for Ingebjørg, og får sendt han utanlands. Ingebjørg blir gifta bort til den gamle kong Ring, for å hindre ein krig. Når Fridtjov omsider kjem heim til Noreg, går han i løynd i teneste hos kong Ring. Hans truskap til kongen vert løna når kongen døyr kort tid etter: Fridtjov arvar både riket og dronninga.

Ei modern framstilling av den islandske soga om Fridtjov den frøkne er Esaias Tegnèrs romantiske skildring i diktform frå 1820-1825. Utover 1800-talet blei boka svært populær i Skandinavia og Tyskland. Ho blei yndlingslektyren til tyske Keisar Wilhelm II som nærast identifiserte seg med helten i sagaen. Det blei sagt at høglesing frå boka var eit fast ritual om bord på keisarbåten Hohenzollern når keisaren var på reise.

22,5 meter til vers
I 1913 reiste keisar Wilhelm II av Tyskland ei statue av Fridtjov den Frøkne på Vangsnes. Statuen er 10,5 meter høg, og på 12 meter høg sokkel strekkjer den seg 22,5 meter til vers. Statuen står i ein liten park med utsikt over Sognefjorden. Avdukinga av statuen føregjekk den 31. juli både med kong Haakon og den tyske keisaren til stades. Det var ein folkefest med truleg over 5000 tilskodarar. Det blei laga ei revyvise om statuen av Vilhelm Dybwad, som blei framført på Chat Noir i Oslo i 1913 og som ser kritisk på dimensjonane til statuen og keisar Wilhelm II.

Ved avdukinga 31. juli 1913 sa keiseren blant anna: «For at hvile efter tungt og ansvarsfuldt arbeide søker jeg herop. Jeg har nu i tyve aar paa mitt skib reist til Nordden og er blit mottatt i Norge med gammel germansk gjestfrihet. Det var mig en trang at vise et ydre tegn paa min taknemlighet mot det norske folk. Gjennem de hellige sagn fandt jeg anledning til dette. Særlig tiltalte mig sagnet om Herskeren i Balestrand, Kong Bele, Ingeborgs fader, den tapre helt. Dette staar nu formet for os, Kong Bele av Gørtz’ kyndige haand paa gravhaugen, medens Fridtjof er det mesterverk, som professor Unger har skapt.»

Les meir om Fridtjov den frøkne på Wikipedia!

Faktaboks

Jon Fosse (f. 1959) kjem frå Strandebarn og er no busett i Grotten, statens æresbustad for kunstnarar i Oslo. Han er ein av Noregs viktigaste, nolevande forfattarar og dramatikarar og har stort renommé både i inn- og utlandet, og hans litterære verk er omsette til over 40 språk. Fosse debuterte som skjønnlitterær forfattar i 1983, og har seinare gitt ut både romanar, diktsamlingar, barnebøker og ei essaysamling. I 1993 debuterte han som dramatikar. Skodespela blei hans store internasjonale gjennombrot og er sette opp over tusen gonger over heile verda. Fosse har motteke ei rekkje nasjonale og internasjonale prisar og er av kritikarar blitt omtalt som det 21. hundreårets Beckett. I 2010 fekk han den internasjonale Ibsen-prisen.