Paven auksjonerer bort Harleyen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Auksjonerer bort Harleyen

No kan pave Frans sin eigen Harley-Davidson verte din, pengane går til renovering og drift av suppekjøkenet og hostelet Caritas’ Don Luigi di Liegro i Roma, melder The Telegraph og fleire internasjonale medium.

LES OGSÅ: Skrift utan tale

Harley-treff hjå paven
I juni i år velsigna pave Frans 35.000 motorsykkelentusiastar og motorsyklar på St. Petersplassen, mellom desse var norske Leif-Åge Larsen.

Velsigninga skjedde i høve Harley-Davidson sitt 110-årsjubileum, som vart feira i den italienske hovudstaden. I gåve fekk paven to motorsyklar og ei bikerjakke.

Pave Frans har den siste tida markert seg på fleire måtar når det kjem til transportmiddel. Tidlegare i år bytte han ut forgjengar pave Benedikt 16. sin Mercedes pavemobil med ein gammal Renault 4.

LES OGSÅ: – Auto-pilot til Tesla om tre år?

Beskjeden transport
Harley Davidson er kanskje ikkje noko for paven, sidan han har rådd andre geistlege til å ikkje vere ekstravagante  i sine køyrevanar.

– Det sårar meg når eg ser ein prest i den nyaste bilmodellen, sa paven i juni, ifølgje The Telegraph.

Allereie som kardinal i heimlandet Argentina var pave Frans kjend for å nytte kollektivtransport, framfor fine bilar og motorsyklar.