Frp og Høgre lovar høgt tempo i vegbygginga

– Det er bygd for lite, for dyrt og for treigt.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Same dag som Høgre og Framstegspartiet dannar regjering, nyttar dei transportpolitiske frontfigurane til partia høvet til å slakte tempoet til den raudgrøne regjeringa i vegbygginga. Tempoet skal aukast monaleg dei neste fire åra, lovar dei.

– Høgre og Framstegspartiet vil byggje trygge og effektive firefeltsvegar i langt større tempo enn den avtroppande regjeringa. Oljelandet Noreg ferdigstiller berre 15 kilometer firefeltsveg i 2013, samtidig veit vi at svenske styresmakter opna 80 kilometer firefeltsveg i fjor, skriv Frps Bård Hoksrud og Høgres Trond Helleland i eit innlegg i Dagens Næringsliv onsdag.

For å illustrere det dei to transportpolitiske talspersonane meiner er manglande evne hos den raudgrøne regjeringa til å få fart på vegbygginga, viser dei til bygginga av E18 gjennom Vestfold.

Dei peiker på at Rådgivende ingeniørers forening (RIF) har rekna ut at E18 gjennom Vestfold kunne stått ferdig allereie etter fem år, altså i 1998, om vegen hadde blitt bygd som eitt samanhengande prosjekt. No skal han etter planen stå ferdig i 2017, ei utbyggingstid som er nesten ti år lengre enn nødvendig, meiner Hoksrud og Helleland og viser til at RIF har konkludert med at utbyggingskostnadene blir 5 til 7 milliardar kroner høgare.

– Den avtroppande regjeringa har lova betre vegar gong på gong. Men det er blitt bygd for lite, for dyrt og for treigt. Resultatet er kø, dårlege vegar, høge ulykkestal og høge fraktkostnader for næringslivet, konstaterer dei to. (©NPK)