Flest vestlendingar i regjeringa

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Flest frå vest i regjeringa

Når Erna Solberg (H) møter på Slottet på ekstraordinært statsråd klokka 12 onsdag, vil klokkene på Oslo Rådhus spela “Nystemten” – bergens “nasjonalsong”. Det er 80 år sidan ein statsminister kom frå Noregs nest største by. Den gongen var det Johan Ludwig Mowinkel (V) som styrte landet.

Vestlandet markerer seg sterkt i den nye regjeringa. Sju av statsrådane kjem frå Vestlandet. Heile fire av dei kjem frå Rogaland. I den avtroppande Stoltenberg-regjeringa var det fem statsrådar frå Vestlandet, sjølv om regjeringa hadde to fleire statsrådar totalt sett. Austlandet hadde ni statsrådar, men er no nede i seks i den nye Solberg-regjeringa.

Sist gong det var så mange vestlendingar i regjeringa var det siste året av Bondevik 2-regjeringa då Knut Arild Hareide(KrF) og Thorhild Widvey (H) tok plass rundt Kongens bord saman med seks andre vestlendingar.

– Dette er ei regjering med geografisk representasjon frå alle delar av landet, med tung politisk kompetanse og med statsrådar som har vilje og evne til å gjennomføra den plattformen som er forhandla fram. Det har vore viktig å kombinera erfaring frå regjeringsapparatet med høg fagleg kompetanse og erfaring frå Stortinget, sa Erna Solberg då ho møtte pressen i Stortingets vandrehall klokka 10.00 i dag, onsdag.

QUIZ: Kva veit du om Høgre?

Få med bygdebakgrunn
Av dei 17 ferske statsrådane i regjeringa til Erna Solberg, er det berre fire som ikkje er oppvaksne i ein by.

Halvparten av dei fire statsrådane som ein kan tileigne bygdebakgrunn, er i tillegg frå bynære strok i Rogaland. Desse to er kulturminister Thorhild Widvey frå Avaldsnes på Karmøy i Rogaland og helseminister Bent Høie frå Randaberg i Rogaland.

Dei to andre statsrådane med bygdebakgrunn er landbruksminister Sylvi Listhaug, opphavleg odelsjente frå Ørskog på Sunnmøre, og olje- og energiminister Tord Lien frå fiskeværet Myre i Vesterålen. Dei siste åra har Listhaug budd i Oslo og Lien i Trondheim.

Her er H-FrP-regjeringa:

Statsminister, Erna Solberg (H) – Bergen.

Finansminister, Siv Jensen (Frp) – Oslo.

Kommunal- og moderniseringsminister, Jan Tore Sanner (H) – i Akershus.

Statsråd ved Statsministerens kontor for samordning av EØS-saker og forholdet til EU – og stabssjef, Vidar Helgesen (H) – oppvaksen på Nøtterøy i Vestfold.

Samferdselsminister, Ketil Solvik-Olsen (Frp) – Bryne i Rogaland.

Utanriksminister, Børge Brende (H) – Trondheim.

Kultur- og kyrkjeminister, Thorhild Widvey (H) – Karmøy i Rogaland.

Fiskeriminister, Elisabeth Aspaker (H) – Harstad, Troms.

Klima- og miljøvernminister, Tine Sundtoft (H) – Lillesand i Aust-Agder.

Næringsminister, Monica Mæland (H) – Bergen (oppvokst i Arendal).

Barne-, likestilling- og inkluderingsminister, Solveig Horne (Frp) – Sola i Rogaland.

Helse- og omsorgsminister, Bent Høie (H) – Randaberg og Stavanger i Rogaland.

Arbeids- og sosialminister, Robert Eriksson (Frp) – Verdal i Nord-Trøndelag.

Justis- og beredskapsminister, Anders Anundsen (Frp) – Stavern i Vestfold.

Olje- og energiminister, Tord Lien (Frp) – Vesterålen, har representert Sør-Trøndelag på Stortinget.

Forsvarsminister, Ine Eriksen Søreide (H) – oppvaksen på Strømmen og i Tromsø, innvald på Stortinget for Oslo.

Landbruks- og matminister, Sylvi Listhaug (Frp) – Ørskog i Møre og Romsdal, tidlegare vore vara på Stortinget for Møre og Romsdal og Oslo.

Kunnskapsminister, Torbjørn Røe Isaksen (H) – fødd i Ålesund, oppvaksen i Porsgrunn i Telemark.

LES SISTE POLITISKE NYTT HER!