Ellen Engelstad har reist til Europa for å finne menneska bak krise-statistikken. Neste år blir det bok.

Marianne Granheim Trøyflat
Marianne Granheim Trøyflat

– Eg lurer på korleis ein lever når ein ikkje har utsikter til jobb i det heile. Avisartiklar kan koma med mykje spennande, men presenterer ofte berre overflatiske tal og prosentar. Vi veit framleis ikkje kva det inneber for dei som lever med det kvar dag, konstaterer Engelstad. 

Dermed kom ideen om ei bok. Engelstad ser på korleis eurokrisa påverkar unge menneske i Europa, og reiser rundt særleg i sør-Europeiske land. Ungdomsomgrepet hennar er vidt, sidan mange ferdig utdanna framleis har store problem med å koma i jobb. Ideen er å bu lengre tid på ein plass, følgje utvalte menneske tett, og slik få ei større forståing av utfordringane.  

Færre vaksne, færre barn
Sjølv har Engelstad studert både i Berlin, Roma og Amsterdam, noko som har gjort henne enda meir engasjert.

– Eg har alltid likt Europa, og kjent eit slektskap med dei som bur der. Dei er som oss. Da eg studerte i Berlin, før finanskrisa, møtte eg Erasmus-studentar som hadde dei same interessene og gjorde dei same tinga som meg. No har dei brått ein mykje annleis livssituasjon, seier den reisande skribenten.

Og Engelstad er fortvila over dagens Tyskland.

– Ein firedel av innbyggjarane er klassifisert som fattige. Mange er såkalla working poor, altså menneske som jobbar, men likevel ikkje har nok til å betale rekningane sine. Tyskland er jo eitt av euro-landa detgår bra med – men til ein veldig høg pris, understrekar forfattaren.

I skrivande stund er Engelstad i Hellas, og har kome tett innpå fleire lagnader der. Ho har budd i lag med eit ektepar på 29 og 30 år, Pelagia og Stavros, i byen Kavala. Begge var arbeidslause. Han hadde hatt ufaglærte jobbar som fiskar og sjåfør, medan ho var utdanna musikklærar. Sjølv om økonomien var dårleg planla dei å få barn så snart som råd. Noko som elles er i strid med trendane.

– Demografien viser at færre får barn i Hellas no. Mange slit med å etablere eit sjølvstendig liv, og kjenner seg som 18 år heile tida. Det er vanleg at vaksne menneske får mykje hjelp av foreldra her, seier den norske tilskodaren.

LES OGSÅ: – Ungdom i Europa må reddast

Norsk som desperasjonsfag
Via nettstaden Cochsurfing.org har også Engestad kome i kontakt med ei 23 år gammal gresk jente, Myrto, som studerer journalistikk og planlegg å rømme landet så fort som råd, ein såkalla euro-flyktning.

– Ho bur saman med mor og systera si i Aten og familien er temmeleg rik. I utgangspunktet studerer ho, men 1300 tilsette er sparka, og universitetet har stengt i protest. Ho kan berre håpe at det opnar igjen. Plana er å stikke til utlandet så fort utdanninga er fullført. Ho kan fransk fordi mora er frå Sveits. Det er tydeleg at både ho og andre vil til utlandet, men ho her har lettare for det fordi ho har ein resurssterk bakgrunn, konstaterter Engelstad.

Etter Hellas er planen å reise til Italia. Bokprosjektet skal ha eit ekstra fokus på middelklassen og hjerne-flukt-spørsmål. I Firenze finst det eit europeisk prestisjeuniversitet, og Engelstad reknar med å koma i kontakt med interessante tilfelle der. Mange tek doktorgrad, utan særlege jobbutsikter. I tillegg har interessa for norsk språk auka.

– Før var det å studere norsk eit fenomen blant black metal-fans. No er norsk vorte eit desperasjons-fag, meiner Engelstad.   

LES OGSÅ: – Unge betaler den høgaste prisen

Vidare prosess
Reisa vil vare til omlag 1.desember, og så er planen at boka skal ta form utover våren.  Den komande debutanten er utdanna litteraturvitar, og har bakgrunn som journalist mellom anna frå Klassekampen, Dagens Næringsliv og Universitas. Ho har fått stønad til boka gjennom Fritt ord og  Norsk faglitterær – og oversetterforenings debutantstipend,  og har ein intensjonsavtale om utgjeving med Cappelen Damm.

– Dette er ein prosess der eg kjem nært innpå folk, og får testa grensene mine. Men eg har fått mykje hjelp og tips, og vil absolutt tilrå andre som har ein bokide å berre kaste seg ut i det, avsluttar Ellen Engelstad.   

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.47

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE