Studentane jublar: – Vanvittig bra

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ikkje på noko tidspunkt i dei 38 åra Lånekassen har ført statistikk har studentene hatt mindre å rutta med enn i dag. Det blir det no slutt på ettersom Regjeringa fra hausten 2014 vil innføre 11 måneder studiestøtte.

– Det er ei historisk studiestøtteauke og eit vanvittig bra gjennomslag for Norsk studentorganisasjon og studentrørsla, jublar Ola Magnussen Rydje, leiar av Norsk Studentorganisasjon.

– 11 månaders utdanningsstøtte er noko studentane har ønskt i lang tid. Innføringa betyr at det vil kome ei ekstra utbetaling av studiestøtte i juni på toppen av det studentane får i dag, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) i ei pressemelding.

Regjeringa foreslår òg å prisjustere utdanningsstøtta for å halde oppe kjøpekrafta til studentane. Prisjusteringa og utvidinga til 11 månader fører til at basisstøtta aukar med over 11.000 kroner til 105.600 kroner i året i 2014–2015.

LES OGSÅ: Studielånet er så mykje mindre verdt

Vil byggje 1300 studentbustader
Regjeringa vil satse vidare på studentbustader ved å auke finansieringa for 2014 med 100 millionar kroner i forhold til budsjettet som blei vedteke i fjor. Budsjettramma blir dermed på 359 millionar kroner, noko som vil gi om lag 1300 nye studentbustader.

– Med dette har vi overoppfylt Soria Moria II ved å gi tilsegn om tilskot til over 1000 studentbustader kvart år sidan 2008, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

På grunn av høgare byggjekostnader foreslår regjeringa å auke dagens kostnadsrammer for oppføring av studentbustader med 100 000 kroner per hybeleining. Regjeringa vil dessutan auke statstilskotet per hybeleining med 20 prosent. Det vil sikre studentane ei rimeleg husleige vidare òg.

– Fleire studentbustader betrar studentøkonomien, pressar prisane ned på den private marknaden, og er derfor eit gode for alle som i dag slit på ein dyr privat leigemarknad. Studentbustadbygging er ein av dei beste investeringane me kan gjere i kunnskapssamfunnet, seier Ola Magnussen Rydje, leiar av Norsk Studentorganisasjon.

LES OGSÅ: – Studentar er enkle å lyge til

Auka foreldrestipend og freshman-år
Studentar med barn har spesielle behov, og regjeringa er oppteken av at det skal bli lagt godt til rette for dei som får barn i studietida. Regjeringa vil utvide perioden med foreldrestipend gjennom Lånekassen med fem veker, frå 44 til 49 veker. Dette gjeld elevar og studentar som får barn frå hausten 2014.

Regjeringa foreslår å innføre støtte til det første året (freshman) av bachelorutdanning av høg kvalitet i USA. Talet på universitet og høgskolar der norske studentar kan få støtte til freshman-året, kjem til å auke betydeleg: frå 60 til opp mot 400. Regjeringa foreslår å løyve 14,8 millionar kroner til tiltaket i 2014.

LES OGSÅ: Utanlandsstudentar nedlessa i studiegjeld

– Ikkje nøgd med lågare ambisjonar
Norsk studentorganisasjon håpar at Solberg-regjeringa no sørgjer for at studentane får sjå 11 månaders studiestøtte og fleire studentbustader freda og realisert, og at dei fortset denne gode satsinga i åra som kjem.

– Den nye regjeringa kjem no til å møta ei studentrørsle som ikkje er fornøgd med eit senkt ambisjonsnivå. Her må Solberg, den nye kunnskapsministeren og det klare fleirtalet som har lova dette på Stortinget følgje opp den vedtatte politikken i partiprogramma og dei gode valløfta, konstaterer Rydje.