Har ikkje lov til å totalforby mobilar på skulen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ulovleg mobil-forbod på skulen

Over heile landet har det blitt ganske vanleg at skular forbyr mobiltelefonbruk på skolen – enkelte skoler går endå lenger og forbyr elevene å fysisk ta med mobiltelefonar på skulen. Utdanningsdirektoratet har no sendt ut brev til alle fylkesmennene med beskjed om at skulane ikkje har høve til å innføra slike reglar, ifølgje Teknisk Ukeblad.

Ordensreglementet for grunnskulen i Levanger slår fast at «Mobiltelefon, mp3-spelar eller liknande skal ikkje takast med til skulen om ikkje anna er bestemt». Far til ein av elevane på skulen, høgrepolitikaren Per Arne Godejord, klaga på reglane og har no fått medhald av Utdanningsdirektoratet.

– Forbudet minner om eit ønske om å melda seg ut av den teknologiske verkelegheit, seier Godejord til Teknisk Ukeblad.