Epos fyller 50 år

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 50 år har bokbåten Epos gjeve lese- og kulturopplevingar til folk langs fjordar og ein grisgrendt kyst.

Dei tre fylkesbiblioteka i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal har med støtte frå Nasjonalbiblioteket gått saman om ei felles jubileumsfeiring hausten 2013.

Nye anløp
I Sogn og Fjordane vil bokbåten turnera i tida 18. oktober til 3.november

Her i fylket vil ein også markera 50-årsjubileet med å leggja til kai på nokre stader som tidlegare var bokbåtstopp, men som ikkje har hatt besøk av bokbåten på ei stund.

For born
At Epos fyller 50 år skal markerast særskilt for borna, og det er laga ei eiga jubileumsframsyning. I Sogn og Fjordane er det Kristine Haugland som vil framføra ho. Kristine Haugland jobbar som forteljar, skodespelar og pedagog.

Bokbåten reiser ut fullasta med bøker og lydbøker, og i nynorskfylket Sogn og Fjordane er det eit spesielt søkjelys på nynorsk barnelitteratur. Bibliotekarar frå Sogn og Fjordane fylkesbibliotek vil formidla bøker til store og små, heiter det i ei pressemelding frå fylkeskommunen.

Saka var først publisert i Sogn Avis.