Får Nobelprisen for kamp mot kjemiske våpen

Organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen (OPCW) får Nobels fredspris for 2013 for det omfattande arbeidet deira for å avskaffa kjemiske våpen.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Får Nobelprisen

– Under første verdskrigen vart kjemiske våpen brukt i betydeleg grad. Geneve-konvensjonen av 1925 forbaud bruk, men ikkje produksjon og lagring av kjemiske våpen. Under andre verdskrigen vart kjemiske middel nytta i masseutryddingane til Hitler. Seinare har kjemiske våpen vore nytta fleire gonger både av statar og av terroristar. I 1992-93 vart det utarbeidd ein konvensjon som forbaud òg produksjon og lagring av slike våpen. Denne tredde i kraft i 1997. Sidan då har OPCW gjennom inspeksjonar, destruksjon og på andre måtar arbeidd for at konvensjonen blir iverksett. 189 statar har til no tiltredd konvensjonen, sa Thorbjørn Jagland, leiar av Nobelkomiteen då ha delte ut til prisen til OPCW.

QUIZ: Kva veit du om Nobelprisen?

– Konvensjonane og arbeidet til OPCW har etablert bruk av kjemiske våpen som eit folkerettsleg tabu. Dei siste hendingane i Syria, der kjemiske våpen igjen er tatt i bruk, har understreka behovet for å styrkja arbeidet med å avskaffa slike våpen. Nokre statar er enno ikkje medlemmar av OPCW. Einskilde medlemmar har ikkje overhalde tidsfristen, som var april 2012, for å øydeleggja dei kjemiske våpna sine. Dette gjeld spesielt USA og Russland, sa Jagland.

– Nedrustning er eit sentralt punkt i Alfred Nobels testamente. Den Norske Nobelkomite har gjennom ei rekkje prisar understreka behovet for å avskaffa kjernefysiske våpen. Komiteen vil med denne prisen til OPCW bidra til avskaffing av kjemiske våpen, avslutta Jagland, då han las opp grunngjevinga til komiteen.

– Har gjort verda tryggare
Statsminister Jens Stoltenberg (Ap) meiner OPCW er reiskapen for å få ei trygg verd.

– Det er ein viktig pris som støttar arbeidet med å avskaffa kjemiske våpen. Bruken av kjemiske våpen, som er eit umenneskeleg våpen og i strid med Folkeretten, i Syria viser kor aktuell problemstillinga er. Ved å handheva konvensjonen bidreg OPCW til å gjera verda til ein tryggare stad, seier Stoltenberg.

Faktaboks

– OPCW har sete i Haag i Nederland. Organisasjonen blei oppretta for å overvaka konvensjonen om kjemiske våpen, som tok til å gjelda i 1997.
– OPCW har fire hovudarbeidsoppgåver: Øydeleggja alle eksisterande kjemiske våpen under internasjonal kontroll, overvaka kjemisk industri for å hindra at det blir produsert nye våpen, hjelpa og verna medlemsland mot kjemiske truslar og fremja internasjonalt samarbeid.