Ekspertar åtvarar om at verda vil verte tom for kakaobønner i 2020. Mondelez Norge forsikrar om at nordmenn vil få Freia-sjokolade.

mm

– Det vil verte sjokolademangel og det er inga løysing på problemet, seier sjokoladeekspert Angus Kennedy til Daily Star.

LES OGSÅ: Denne maten gjer deg glad

Sjokoladehunger
Nyleg var industrien samla i London under den årlege Chocolate Industry Network-konferansen, der vart sjokolademangelen diskutert. 2 oktober 2020 er datoen ein reknar med å gå tom, dersom ikkje noko vert gjort. Det er rett og slett ikkje nok kakaoplantasjar til å mette verdas sjokoladehunger.

– Me treng ein ny jordklode viss me fortset slik, me er i ferd med å øydeleggje ho, slår Kennedy fast.

Ein ekstra klode er ikkje lett å finne, så løysinga kan verte mindre sjokoladar med meir nøtter, kjeks, frukt, rosiner og sukker i. Prisen på sjokolade er venta å stige dei komande åra, varslar Kennedy.

LES OGSÅ: Nobelprisvinnarar med sjokoladesug

Sjokolade-Asia
Bønder føretrekk å drive gummiplantasjar framfor kakaoplantasjar, fordi det tek kortare tid å produsere. Trass i at sjokolade er populært verda over, er det meir lønnsamt å dyrke gummitre.

Det er stor etterspurnad etter kakao, ikkje berre til sjokoladeproduksjon, men òg til bakverk og kremar. Ingenting tyder på at etterspurnaden vil gå ned med det fyrste.

– Ein reknar med litt vekst i sjokoladekonsumet i Europa og Amerika, men i Kina og Asia er det venta å verte skyhøgt, seier Kennedy.

Uroa sjokoladeelskarar
Matprodusenten Mondelez Norge, som mellom anna står bak folkekjære Freia, har den siste tida fått mange telefonar frå urolege sjokoladeelskarar. Dei forsikrar sine konsumentar om at Freiasjokolade vil vere å finne i butikkhyllene i lang tid framover.

– Sjølvsagt skal ein kunne ete Freia Melkesjokolade òg etter år 2020, seier Anders Tofte Wilhelmsen, Markedsdirektør for Mondelez Norge.

Han forsikrar om at dei som ein av verdas største sjokoladeprodusentar er oppteken av å sikre langsiktig tilgang på råvarer gjennom ein bærekraftig produksjon.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.47

Kommentarar

ANNONSE