– Ganske likt norsk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Svensk forfattar krysser grenser

– Eg samlar på blikka dykkar, håret, kleda og eventuelle spørsmål de kjem med, åtvarar forfattar Katarina von Bredow niandeklassingane ved Solvang ungdomsskule i Asker. Dei har teke turen til Asker bibliotek for å høyre Bredow lese frå boka «Flyga högt»- på svensk.

LES OGSÅ: – Ikkje gje opp å snakke norsk

– Jag pratar svenska
Svenske Katarina von Bredow er ein av fem skandinaviske forfattarar som i år reiser rundt på norske skular for å lese og fortelje på morsmålet sitt. Forfattarvitjingane er eit tilbod frå Foreningen Norden, som arbeider med språk- og kulturforståing mellom dei nordiske landa, til skuleklassar på mellom- og ungdomstrinnet.

Von Bredow fortel om korleis ho nyttar eigne erfaringar, saman med inspirasjon frå andre menneske, gjerne skuleelevar frå besøk som dette, til karakterane i sine.

– Me forfattarar stel, avslører von Bredow, på svensk.

– Jag pratar svenska, jag vet at ni är bättre på at förstå svenska enn hvad svenska ungdomar är på at förstå norska.

At fjortenåringane ikkje har problem med å forstå svensk kan Emma Tenvann, Anna Wyssenbach, Julie Skorpen og Mari Tanem bekrefte.

– Det gjekk ganske greit å forstå, fordi det er ganske likt norsk, seier Emma.

Jentene tykte det var mest spanande å høyre Katarina von Bredow fortelje om korleis ho fann inspirasjon til Vendela, hovudpersonen i  «Flyga högt».

QUIZ: Förstår du hvad jäg säger?

Uvanleg å vere vanleg
Bredow ville skrive ei bok om hierarkiet som finn stad i klasseromma. Ho hadde klar karakterane Emily og Sven, dei mektige og populære. Ho hadde klar Lene, mobbeofferet som har vorte mobba så lenge at ho ikkje vonar håpa på noko betre.

– Dit inn skulle eg sleppe Silja, som ikkje bryr seg om systemet og gjer som ho vil. Men ho skulle ikkje vere hovudpersonen. Hovudpersonen skulle vere ein midt i, ei heilt vanleg jente, og ho fann eg ikkje, fortel Bredow, og oppmodar alle som kjenner seg vanlege til å rekkje opp handa.

Ingen hender. Så ein, to, tre hender på dei bakarste rekkene.

– Om det er så få som er vanlege, så kan det ikkje vere vanleg å vere vanleg, konkluderer von Bredow.

Me er alle unike.

Gjennombrotet i arbeidet med hovudpersonen Vendela kom då ho møtte Linnea etter eit skulebesøk i Hultsfred. Det var ei lyshåra jente som kom med kantinebrettet sitt og spurde om å sitje med forfattaren. Etter ei stund fortalde ho at då ho var seks år døydde veslebroren brått, etter dette freista ho å halde liv i han ved å late som om han vaks opp.

Forfattaren leita opp att jenta, som først var tvilande, deretter positiv, til å låne historia si til karakteren Vendela.

– Då fall mykje på plass, fortel forfattaren.

Jentene frå Asker let seg ikkje skremma av varselet om at dei kan ende opp som romanfigurar.

– Det hadde vore morosamt om ein las ei bok og fann seg sjølv der, seier Julie, som allereie har lest «Ekspert på å rødme».

Bibliotekaren kan fortelje at bøkene til Katarina von Bredow ofte er ute av hyllene.

LES OGSÅ: I kø for Maria Parr i Berlin

Saka fortset under biletet.


Fjortenåringane Emma Tenvann, Anna Wyssenbach, Julie Skorpen og Mari Tanem tykte det var spanande å høyre korleis forfattaren vart inspirert til karakterane sine.

Populær bland jentene
Nordisk forfattarbesøk er eit populært innslag i skulane. Berre 38 av dei rundt 80 norske klassane, som meldte si interesse, får besøk denne gongen. Forfattarar har vitja både Vestlandet og Trøndelagsfylka, no er det skuleklassar på Austlandet, som får eit svensk pust i kvardagen.

– Katarina von Bredow har vore med før, og me har fått gode tilbakemeldingar på ho, seier Nora Egeberg, prosjektleiar for skulebesøka.

– Ho vert mykje lest, spesielt av jenter, og er flink å formidle. Når dei har lest ho før har det gjerne vore på norsk. På originalspråket vert det ein annan dimensjon over det, meiner Egeberg.

Før besøka har skulane fått tilsendt eit oppgåvesett med spørsmål knytt til det skandinaviske språkfellesskapet, tekstutdrag frå forfattaren og oppmoding om å førebu spørsmål.

LES OGSÅ: Slår eit slag for dansk og svensk

Usikre lærarar
Kompetansemåla i norskfaget seier at elevane skal forstå noko dansk og svensk tekst og tale etter fjerde trinn, etter sjuande trinn skal dei kunne lese enkle tekstar kommentere innhaldet, før det etter tiande klasse forventast ei breiare forståing av innhaldet.

– Me er veldig glad for at desse kompetansemåla vart behaldt i den reviderte læreplanen i norsk, seier Heidi Lønne Grønseth, skuleansvarleg i Foreningen Norden.

Ho hadde helst sett at ein fekk inn grannespråkopplæringa i norsk skule allereie frå andre trinn, før elevane har fått inn haldningar om at grannespråk, då særleg dansk, er vanskeleg.

Ifølgje Grønseth er det eit problem at ein del norske lærararar sløyfar grannespråkopplæringa, mellom anna fordi dei ikkje føler dei har nok kompetanse på området.

I fjor publiserte Utdanningsdirektoratet si siste spørjeundersøking blant norske skular. Denne synte at grannespråkopplæringa har fått noko større plass i opplæringa, men at skulane er usikre på om kompetansemåla vert nådd.

LES OGSÅ: – Danskane bør lære norsk og svensk

Flinke finnar
Grannespråkforståinga i Norden har gått ned sidan 70-talet.

Det er likevel fleire nordiske land som peikar seg ut med ei særleg satsing på grannespråk. Svensk er offisielt språk i Finland, trass i at det berre er 5,4 prosent av 5,5 millionar innbyggjarar som har det som morsmål. Dei fleste finnar byrjar med svenskundervisning i 7. klasse, men dei kan ynskje det så tidleg som i 4. klasse.

På Færøyane og Grønland lærer dei dansk, medan dei på Island lærer eit ekstra skandinavisk språk frå 7. klasse.

Svensk er kanskje ikkje det grannespråket flest nordmenn slit med, men Katarina von Bredow tek likevel omsyn til sin norske lyttarskare.

Det vanskelegaste er kanskje dei orda som er like, men har ulik tyding. Eg bruker å styre unna ordet “roligt”, fortel forfattaren.

Faktaboks

Utdanningsdirektoratet si undersøking om skule-Noreg våren 2012:

I kva grad vil du seie at nordiske språk er inkludert i undervisninga?

Svar fra 2010 i parentes.

  • Ikkje i det heile: 2 prosent (9)
  • I liten grad: 29 prosent (43)
  • I nokon grad: 58 prosent (40)
  • I stor grad: 5 prosent (3)
  • Veit ikkje: 6 prosent (5)

Kjelde: Utdanningsdirektoratet si undersøking om skule-Noreg 2012