Måtte sagast laus frå bukkekamp

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det kan gå svært hardt føre seg når bukkane kjem i brunst og skal konkurrera om damene, noko den ihuga jegeren Endre Johan Jordalen frå Vik fekk oppleva under ein jakttur på Valanipa no sist i september.

Barka saman
Best som det var kom han og jaktkameraten Odd Skagen over ei brunstgrop som tydeleg bar preg av at store, sterke karar hadde barka saman til noko som etter kvart vart ein kamp på liv og død.

– Me gjekk rett på dei, der dei låg, og eg såg fort at i alle fall den eine var daud. Så skjønte eg med eitt at den andre framleis var i live, men at han sat fast i geviret til den daude, fortel Jordalen.

Han var ein smule i dus om kva han skulle gjera, for det var liten tvil om at reinsbukken var nokså prega av ei lang natt med slåsting.

Stiv og støl
– Me lurte no på om han kom til å klara seg eller om me skulle skyta han. Til sist byrja me å saga av horna på den daude bukken for å prøva å få han laus. Då synte det seg at den som var i live også låg med eine framfoten fast i sitt eige gevir, så det var litt av ei floke, seier han.

Det enda med at han også laut saga av halve geviret på bukken som var i live, slik at dei kunne frigjera han. Bukken strevde ein del med å komma seg på beina etter tøffe tak, men kom seg til slutt av garde.

– Han reiste seg og ramla att fleire gonger. Han var vel sikkert nokså nedkjølt og både utmatta og stiv og støl òg. Ikkje så rart det, dei hadde sikkert herja på heile natta.

Ikkje uvanleg
Jordalen er ein røynd jeger, men seier han aldri har sett noko liknande tidlegare.

– Eg har berre høyrt om det, så eg må seia at det var litt av ei oppleving å få på så nært hald, slår han fast.

Rein Arne Golf i Statens naturoppsyn seier til Sogn Avis at det slett ikkje er uvanleg at bukkar må bøta med livet etter slike kampar i brunsttida.

Brusande hormon
– Me veit at det skjer, så det er ikkje uvanleg. Det kan gå hardt føre seg mellom bukkane når hormona brusar. Det me ser mest av er at bukkane skadar seg under brunsten og daudar i løpet av vinteren, seier han – som også tilfeldigvis kom forbi der oppe på Valanipa midt i redningsaksjonen til Jordalen og Skagen.

– Det er ikkje så ofte me kjem over akkurat slike hendingar, så det er ei spesiell oppleving – det er mykje spennande med levande natur, slår Golf fast.

Han legg til at han møtte den frigjorte bukken att eit par timar seinare, eit par kilometer lenger søraust i området.

Les saka i Sogn Avis!

Les andre dyrenyhende her!