– Tek makta frå orda

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Valdtektsoffer tek orda tilbake

«If you tell, I will kill you», står det på plakaten den avbilda kvinna held opp.

I 2011 starta amerikanske Grace Brown (21) bloggen Project Unbreakable. Responsen har vore enorm frå valdteksoffer som vil bidra med si vesle historie: Ein plakat med eit sitat frå overgriparen. Det er kvinner og menn i alle aldrar, som deler sine traumatiske historiar gjennom nokre få ord.

LES OGSÅ: Bryt stilla om valdtekt

Tek makta av orda
Bloggen, som tek sikte på å setje fokus på seksuelle overgrep, har òg fått mykje mediemerksemd og lovord, mellom anna av TIME magazine, som kåra han til ein av dei beste fotobloggane i verda.

– Eg fann ut at eg kunne gjere ein stor forskjell i ei verd der seksuelle overfall er skambelagt og teiast om, seier Grace Brown i eit Youtube-klipp om fotobloggen.

– Folk gjev endeleg slepp og tek attende makta frå orda som var nytta mot dei.

LES OGSÅ: Krev betre undervisning mot valdtekt

Saka fortset under biletet.

Byrja med kjente
Det byrja med at Brown fotografere folk ho kjente som hadde vorte utsett for seksuelle overgrep, lite ante ho då om omfanget prosjektet ville få. I dag drivast prosjektet av fire kvinner.

– Eg byrja å få hundrevis av e-postar, der folk takka meg for det eg gjorde. Overlevande kontakta meg og spurde om eg kunne fotografere dei, og sendte inn eigne bilete om dei budde for langt vekke, fortel Brown.

I videoen fortel Brown at ei av tre kvinner og ein av fem menn vil verte utsett for seksuelle overgrep i løpet av livet. Tala er usikre på grunn av underrapportering og at voldtektssaker ofte vert lagt bort.

15 av 16 voldtektspersonar vil aldri tilbringe ein dag i fengsel, seier Brown.

 Eg gjer dette kvar mann og kvinne som har overlevd seksuelt misbruk.