– Stinkar av asfalt og motorveg

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette styrkjer ikkje klimaforliket, og opnar for storstilte inngrep i norsk natur, seier leiar for Natur og Ungdom Silje Lundberg.
Høgre og Frp vil oppretta eit vegbyggarselskap, lage ein nasjonal motorvegplan og dimensjonera nye motorvegar til ein maksfart på 130 km/t. Natur og Ungdom meiner dette et opp klimagevinsten frå satsinga på jernbane og kollektivtrafikk

– At den nye regjeringa startar med ein storsatsing på motorveg er heilt bak mål. Viss me skal redusera klimagassutsleppa frå transportsektoren må me satsa på utsleppsfrie og kollektive transportløysingar, ikkje nye motorvegar. Jernbanen ligg med brekt rygg og treng prioritering. Frp og Høgre køyrer oss 130 km/t rett i grøfta med denne regjeringsplattformen, seier Lundberg i ei pressemelding.

– Det er bra at ein no får på plass alternativ finansiering av jernbanen med det nye infrastrukturfondet. Samstundes er dette ei regjeringserklæring som stinkar av asfalt og motorveg. Jernbanesatsinga må koma på bekostning av nye stor motorvegutvidingar, det evnar ikkje denne regjeringa å få til, seier Lundberg.

LES OGSÅ: Jublar for Lofoten, Vesterålen og Senja

– Fritt fram i norsk natur
Fråsegna gjev kommunane ansvaret for lokale verneområde, opnar for å avvikla systemet med Inngrepsfrie naturområder (INON), svekkjar fylkesmannen og opnar for auka motorferdsel i norsk natur. Natur og Ungdom meiner dette opnar for større inngrep og er eit tap for vernet av naturmangfaldet.

– Frp og Høgre opnar for ei vanvitig svekking av naturvernet i Noreg. Her legg ein opp til ein forvaltning som ikkje ser heilskapen og dermed vil me heller ikkje ha sjans til å ta vare på mangfaldet i naturen, seier Lundberg.

QUIZ: Ta den store klimaquizen!

Saknar styrking av klimaforliket
Samarbeidsavtalen mellom regjeringa og Venstre og KrF seier at klimaforliket skal vidareførast og blir styrkt. Natur og Ungdom saknar denne styrkinga.

– Dette er ei regjeringserklæring prega av mange ord og lite handling for å løysa klimaproblemet. Dette dokumentet legg i sum ikkje opp til ei styrking av klimaforliket, men legg opp til auka utslepp frå oljeindustrien og meir forureining frå nye motorvegar, seier Lundberg.

LES OGSÅ: – Berre massive inngrep nyttar

Faktaboks

Dette seier den nye regjeringserklæringa om klima:

• Auka avkastinga frå miljøteknologifondet (ligg i samarbeidsavtalen).
• Satsa breitt på å utvikla ein kostnadseffektiv teknologi for fangst og lagring av CO2, og ha ein ambisjon om å realisera minst eitt fullskala demonstrasjonsanleg for CO2-fangst innan 2020.
• Sikra utfasing av fyring med fossil olje i alle offentlege bygg innan 2018 og forby bruk av fossil olje i oppvarming i alle bygg frå 2020. Enovas støtteordning til konvertering og utfasing av oljefyr blir styrkt.
• Gjera ein heilskapleg gjennomgang av kjøretøy- og drivstoffavgiftene for å stimulera til ein meir moderne og miljøvennleg bilpark.
• Vidareføra avgiftsfordelane for nullutsleppsbilar til 2017 og dagens unntak frå vegbruksavgift for alternative drivstoff til 2020.
• Utarbeida krav om at alle nye offentlege køyretøy, nye drosjar, ferjer, rutebåtar nyttar låg- eller nullutsleppsteknologi når teknologien tilseier dette.
• Fastsetja og fremja ei sak om eit ambisiøst og kvantifiserbart nasjonalt mål for energieffektivisering, og innføra skattefrådrag for ENØK-tiltak i hushalda.
• Leggja til rette for landstrøm for ferjer og cruiseskip i fleire hamner.
• Utgreia ein vrakpantordning for norskregistrerte skip.
• Sørgja for at offentleg sektor som kunde bidreg til å ta i bruk og utvikla nye miljø- og klimavenlege teknologiar og løysingar.

Sjå heile erklæringa her!