– Blåkopi frå Sverige

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bjørdal meiner at særleg arbeidslivspolitikken er ein tydeleg kopi av det han kallar den feilslåtte politikken til Moderatarna i Sverige.

Blåkopi
– Dette er regelrett ein blåkopi. Solberg snakkar om eit sterkare sosialt sikkerheitsnett, men vil føre den same politikken som har gitt folk i Sverige dårlegare velferdstenester og mindre tilgang til sosiale rettar, seier Bjørdal, og trekk fram særleg to punkt i den politiske plattforma.

– Høgre/Frp vil for det første innføre ei ordning med «normerte sjukmeldingar».

Dette, seier Bjørdal, er ein kopi av den svenske politikken der lengda på sjukmeldingane vert fastsett på grunnlag av ein bestemt mal, ikkje den einskilde sin situasjon.

– Ikkje ulikt den svenske politikken skal denne vere rettleiande og kunne avvikast ved behov.

For det andre vil Høgre/Frp innføre som hovudregel at ingen skal kunne verte sjukmelde i meir enn seks månader av fastlegen sin. I dag varer den norske sjukmeldingsperioden i maks eitt år.

– Sjølv om mange sjukdomsforløp varer mykje lenger enn eit halvt år, ønskjer den nye regjeringa at statens skal overstyre den einskilde legen sin faglege kompetanse og ivaretaking av pasienten etter seks månader.

Det står i regjeringserklæringa at legen si avgjerd skal vege tyngst, men like under står det at ingen skal kunne verte sjukmelde i meir enn seks månader av sin fastlege.

– Då er det ikkje legen som avgjer i realiteten. Statleg overkøyring av fastlegen sitt skjønn er eit kjernepunkt i Reinfeldt sitt sjukelønnsregime, som går enno lenger enn Solberg sin politikk på dette punktet, seier Bjørdal.

Fattigdomsproduksjon
Han meiner begge desse punkta er utydeleg, og stiller spørsmål ved kven som skal bestemme når sjukmeldingsnorma berre er rettleiande.

– På kva måte skal staten overkøyre fastlegen etter seks månader? Å snakke om tillitssamfunnet og at det skal løne seg å jobbe, harmonerer ikkje særleg med å ta frå folk sjukeløn og tvinge dei ut i jobb. Du vert ikkje friskare av å vere blakk; dette er ikkje arbeidslinja, det er fattigdomsproduksjon.

Fredric Holen Bjørdal seier at det viser seg at også fagrørsla si frykt for ei blå regjering viser seg å vere reell.

– Her slår dei fast at dei skal opne for meir midlertidige tilsetjingar, og liberalisere arbeidsmiljølova. Det er tydeleg at Solberg vil gjere dette til si merkesak, og eg fryktar meir midlertidigheit, lengre arbeidsdagar utan overtidsbetaling og meir helgejobbing. Dette er ikkje fleksibilitet slik Høgre/Frp vil ha det til. Det er flytting av makt frå arbeidstakar til arbeidsgjevar, der styrkeforholdet allereie er skeivt.

Les saka i Mørenytt!