Slik vil dei endra Noreg

• Søndagsopne butikkar • Fjernar helseregionane • Lukka asylmottak • Utvidar kontantstøtta • Opprettar vegselskap • Redusert pressestøtte

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Høgre-leiar Erna Solberg seier at det viktigaste i forhandlingane ikkje har vore å finna ein balanse mellom Høgre og Framstegspartiet, men å finna dei løysingane Noreg treng.

– Me har gått gjennom område for område. Kva for løysingar treng Noreg no? Det viktigaste har ikkje vore å finne ein balanse mellom Høgre og Framstegspartiet, men å finne dei løysingane som Noreg som land treng i åra framover. Det er først og fremst det ei regjering skal gjera, ha blikket på dei utfordringane eit land står overfor, sa Solberg på pressekonferansen på Sundvolden måndag kveld.

Saman med Frp-leiar Siv Jensen la ho fram ei regjeringsplattform på 75 sider, og åtte hovudsatsingsområde.

– Kunnskapen skal bera velferden
Kunnskapssamfunnet skal bere velferdssamfunnet

Erna Solberg meiner ein god skule må liggja i botnen for utviklinga av Noreg.

– Ein god skule er viktig for å nå viktige mål. Ikkje minst sørgjer det for meir sosial mobilitet og kan trigga talent. Me må vera smartast, ikkje billigast, sa Solberg på pressekonferansen måndag kveld. Ho understrekar viktigheita av draumelærarane i norske klasserom.

– Også når det gjeld høgare utdanning må vi byggja sterke fagmiljø. Me må ha ein strategi for at Noreg får universitet i verdsklasse. I tillegg må vi auke satsinga på forsking, også i næringslivet. Sistnemnde skal trygge arbeidsplassar i større grad, sa ho.

I løpet av dei neste fem åra vil regjeringa gje 10.000 mattelærarar vidareutdanning. Dei vil også krevja karakteren fire eller betre i matte, norsk og engelsk ved opptak til lærarutdanninga. Lærarutdanninga skal gjerast om til ei femårig masterutdanning.

Les heile regjeringserklæringa her!

Ein enklare kvardag
Høgre og Framstegspartiet er samde om å bli kvitt fleire lover og reguleringar. Blant anna skal det bli lov med proffboksing, Segway, søndagsopne butikkar og opningstidene på vinmonpolet skal bli lengre.

Partia er også samde om å redusera skjemaveldet og byråkratiet. Dei vil også styrkja dei økonomiske ordningane for frivillige organisasjonar, og forenkla kvardagen deira.

Fjernar helseregionane
Frp-leiar Siv Jensen greidde ut for korleis ei ny regjering beståande av Høgre og Framstegspartiet vil endra helsevesenet.

– Det er ambisjonen til denne regjeringa å løfta eldreomsorga slik at alle eldre kan vera trygge på at dei får den omsorga dei treng, når dei treng det, sa Siv Jensen.

Lovfesta rett til heildøgns pleie innan eldreomsorga skal utgreiast med sikte på innføring den komande fireårsperioden.

– Dette har vore viktig for oss, sa Jensen.

I tillegg er det semje om å satsa meir på rusomsorga og psykiatri.

– Rus og psykiatri skal kvar for seg ha ein årleg vekst som er høgare enn somatikken, sa Jensen.

LES OGSÅ: Held på sidemål – droppar mållova

Kva synest du om regjeringserklæringa?