Slik kan Instagram vera slankande

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Matbilde kan verka slankande

Ny forsking frå Brigham Young University viser at å sjå på for mange bilde av mat kan gjera maten mindre smakfull.

– På ein måten blir du lei av smaken, sjølv utan å smaka, fortel professor Ryan Elder i ei pressemelding frå universitet.

Så viss du ser på matbilde på Instagram eller matbloggar heile dagen, kan det vera at du opplever at du har smakt maten før.

LES OGSÅ: Tenkjer seg tjukke

I forsøket brukte dei 232 personar til å sjå på og vurdera bilde av mat. Halvparten fekk sjå på saltmat som chips og pommes frites, og halvparten søtmat som kaker og sjokolade. Etterpå fekk alle sjå på bilde av salte peanøtter. Dei som hadde sett på saltmat vurderte peanøttbilda lågare enn dei som hadde sett på søtmat. Forskarane meiner dette skuldast at dei som hadde sett på saltmat byrja å bli lei saltsmak.

– Viss du vil nyta matopplevinga, unngå å sjå på for mange bilde av mat, seier Jeff Larson som står bak studien saman med Ryan Elder.

Han legg til at viss du vil prøva å unngå noko usunn mat, slik som til dømes søtsaker, og du vil kutta ned på forbruket, så kan det vera lurt å sjå på mange bilde av slik mat. Forskarane meiner ein blir meir matlei dess fleire matbilde ein ser. Det held ikkje å sjå på berre eit par bilde.

LES OGSÅ: Deler nakenbilde på Instagram