– Øydelegg naturopplevinga

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Høgre og Framstegspartiet sit i desse dagar i regjeringsforhandlingar og eit av måla er å mjuke opp ein del av dagens reglar.

108 kommunar

Frp-leiar Siv Jensen seier at kommunane sjølve skal få bestemma om dei skal få lov å drive på med motorisert ferdsel i utmark. Støtte frå Senterpartiet kan sikra at det blir fleirtal for skuterkøyring i fjellet, skriv VG Nett. Det betyr at det alt frå vinteren kan bli lov å køyra snøskuter i 108 kommunar. Dette er kommunar som alt har søkt om sjølv å få ta stilling til om folk skal få bruka skuter eller anna motoriserte køyretøy i utmarka. Luster er blant desse kommunane.

– Trist

Ikkje alle jublar for planane. Den Norske Turistforening reagerer sterkt på at politikarane no øydelegg moglegheita for å oppleva fred og ro i naturen.

– Dette er en trist for friluftslivet. Auka snøskuterkøyring kjem til å påverka fritida til millionar av nordmenn. Det er i naturen dagens travle menneske finn stila og ladar batteria, seier Berit Kjøll, styreleiar i Den Norske Turistforening.

Meir støy

Den Norske Turistforening skriv i ei melding at undersøkingar i forsøkskommunane har vist at støy og trafikkbelastning har auka. I Vinje kommune har ulovleg køyring blitt eit så stort problem at enkelte grunneigarar ikkje lenger ønskjer skuterløyper på sin eigedom. Den Norske Turistforening er skuffa over at fleirtalet i eit borgarleg regjeringssamarbeid ikkje ser kor øydeleggjande eit slikt forslag er for naturopplevinga og det norske folk.

Krev fleire kontrollar

– At desse forsøksprosjekta no har blitt lagt bort til fordel for fullstendig råderett for kvar enkelt kommune, er skremmande og perspektivløyst. Dette er eit verdival, ikkje eit spørsmål om lokaldemokratiet sitt handlingsrom. Me forventar at den borgarlege regjeringa føl opp dette med ein kraftig auke av kontroll. Det er heilt naudsynt for å unngå ulovleg køyring, seier Berit Kjøll.

Les saka i Sogn Avis!