Jon Fosse på fjerdeplass

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mistenkeleg gode odds

Torsdag klokka 13 blir det kjent kven som vinn den høgthengande Nobelprisen i litteratur. Som ofte før er japanske Haruki Murakami høgt oppe på lista til veddemålsselskapa.

Ladbrokes har Haruki Murakami på topp med ein odds på fire til ein framfor amerikanske Joyce Carol Oates (7/1), ungarske Peter Nadas (8/1) og Jon Fosse på fjerdeplass med ein odds på ti på ein.

Avisa Guardian melde sist veke at Ladbrokes hadde fått fleire bod på Jon Fosse den siste tida, noko som gjorde at dei suspenterte han for ei kort tid. Oddsen på han har sidan blitt sett ned fleire gonger. Frå først 100/1 til 33/1, og vidare frå 14/1 til 10/1.

– Det var ei ganske dramatisk endring, spesielt for ein outsidar, sa ein talsperson for speleselskapet til avisa.

QUIZ: Kva veit du om Nobels litteraturpris?

Salman Rushdie har no ein odds på 41/1 og Umberto Eco og Bob Dylan 51/1.

Kjell Askildsen og Karl Ove Knausgård er dei einaste andre norske på lista. Begge har ein odds på 1/101.

Les siste nytt om Jon Fosse her!