Fann tapt kinesisk filmskatt

Filmklassikaren «Pan si dong» (1927) har i Kina vore sett på som tapt, fram til Nasjonalbiblioteket fann ein kopi av stumfilmen i si samling i Mo i Rana.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fann tapt filmskatt

– Dette er ei stor og spanande oppdaging, seier filmformidlar i Nasjonalbiblioteket Maria Fosheim Lund i ei pressemelding.

LES OGSÅ: «Ni liv» til Italia

Sentral i kinesisk filmhistorie
Ho fortel at «Pan si dong»,regissert av Dan Duyu, passerte sensuren i Noreg i 1927, truleg same år som han kom ut i Kina, og fekk den norske tittelen «Edderkoppene».

Nasjonalbiblioteket har vore i kontakt med det kinesiske filmarkivet, som trudde filmen var tapt for alltid.

– Dei fortel at filmen er blant de verkeleg sentrale i kinesisk filmhistorie. Det er svært hyggjeleg at Nasjonalbiblioteket kan syta for at filmen igjen vert tilgjengeleg i Kina, seier Fosheim Lund.

LES OGSÅ: «Jeg er din» er norsk Oscar-kandidat

Fyste kinesiske film i Noreg
Nasjonalbiblioteket har restaurert filmen, som no er klar for nypremiere under Film fra Sør-festivalen, som går føre seg i Oslo 10.-20. oktober.Den timelange filmen hadde i 1929 premiere på Colosseum kino i Oslo med musikk av Colosseums orkester.

– Me har funne ei annonse i Aftenposten som seier at «Edderkoppene» er den første kinesiske filmen som vart synt på kino i Noreg, fortel Fosheim Lund.

Filmen er basert på ein av dei fire store klassiske kinesiske romanane, skriven rundt 1590. Historia, skriven av ein anonym forfattar, handlar om buddhistmunken Tang Xuanzang si reise til India på 600-tallet, for å hente nokre heilage skrifter og spreie buddhismens tankar i Kina. Tang Xuanzang har levd, men romanhistoria, med kampar mellom gudar og demonar, er fiktiv.

I 1929 kalla Morgonbladet sin meldar filmen ein kuriositet.

Vidare sa meldaren at filmen var eigenarta og interessant og hevda at: «…man kan se, at raserne ikke er saa like som nogen vil ha dem til. Den kinesiske maate at slaas på og være forelsket paa skiller sig ikke litet fra vor».

Nypremieren på «Edderkoppene», med levande pianomusikk til, finn stad i Filmens Hus søndag 13. oktober. Der vil òg filmarkivar Tina Anckarman fortelja om arbeidet med restaureringa av filmkopien.