Ylvis gjestar Ellen DeGeneres
Med revekostyme i bagasjen til populært amerikansk talkshow.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ylvis til Hollywood
Pressetalskvinne for Ellen DeGeneres-show, Melissa Little Padgitt, stadfestar overfor VG at brørne skal vere gjestar hjå dei på fredag. 55 år gamle Ellen DeGeneres er ein av USAs mest kjente TV-personar, og ho har hatt sitt eige talkshow sidan 2003. Showet har fire millionar sjåarar.
– Vi gler oss veldig. Som eg også tvitra i går, er revekostymet med i bagasjen, så det er jo litt snåle omstende. Vonleg får vi med oss litt stoff heim til vårt eige show, seier Bård Ylvisåker i ei pressemelding.
Etter at låten «The Fox» blei lagt ut på YouTube har brørne fått stort merksemd i inn- og utland. På YouTube hadde musikkvideoen torsdag hatt 36,3 millionar visningar.
– Vi har fått beskjed om at det er Ellen DeGeneres sjølv som ønskte å ha dei med, og dei skal også ha brukt songen som publikumsoppvarming i studio den siste veka. Dei har vore veldig på, og derfor er det kjempegøy at det gjekk i boks til slutt, seier mediesjef Hanne McBride i TVNorge til VG.
Tysdag må Ylvis-brørne vere tilbake i Noreg for å spele inn sitt eige talkshow I kveld med YLVIS på TVNorge. (©NPK)
LES OGSÅ: Høyr kva reven eigentleg seier