Lovfesting av gratis kulturskule
Regjeringa vil lovfeste at kommunane må tilby elevane frå første til fjerde klasse eit gratis kulturskuletilbod i skuletida og/eller SFO-tida.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi ønskjer at alle barn skal få eit kulturskuletilbod av god kvalitet til ein rimeleg pris. Ved å tilby eit gratis kulturskuletilbod i tilknyting til skule eller SFO, vil alle barn få høve til å oppleve kunst og kultur, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.
Regjeringa går inn for å lovfeste ei plikt for skulen til å tilby elevane på 1. – 4. årstrinn eit gratis kulturskuletilbod. Tilbodet skal bli gitt i tilknyting til skule eller skulefritidsordning og i samarbeid med musikk- og kulturskulen. Tilbodet skal ikkje vere ein del av den obligatoriske grunnopplæringa og det skal vere frivillig for elevane å delta. Dette forslaget har ingen innverknad på det eksisterande tilbodet i musikk- og kulturskulen, som skal vere som i dag.
Stortinget vedtok innføringa av kulturskuletilbod i samband med statsbudsjettet for 2013. Kommunane får pengar tilsvarande kva det kostar å bemanne tilbodet med lærarar. Heilårseffekten av tilbodet er lagt inn i budsjettet for 2014.
Regjeringa tar sikte på at lovendringa trer i kraft frå 1. januar neste år. (©NPK)