Tord Hustveit (21) er innstilt som ny leiar i Unge Venstre. Han meiner avtalen mellom dei borgarlege partia skyv rekninga over på framtidige generasjonar.

mm
Faktaboks

Tord Hustveit (21) er innstilt som leiar for Unge Venstre.
Kjem frå Eidsvoll og har tidligare leia Akershus Unge Venstre.
No sit han som sentralstyremedlem.
Studerer samfunnsøkonomi ved Universitetet i Oslo.
Medlem i: Europeisk Ungdom, Unge Venstre
Hobby: politikk og quiz

LES FAKTALUKK FAKTA

– Deler av avtalen er veldig bra, seier Tord Hustveit og nemner nei til konsekvensutgreiing utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja, ja til handlingsregelen og amnesti for fleire av asylborna som har budd lenge i Noreg.

Generasjonsrettferd
Men Hustveit seier han er litt misnøgd med at avtalen ikkje tar tak i dei store utfordringane som klima og berekrafta til velferdsstaten.

– Eg meiner ein kunne gjort meir i klima- og miljøpolitikken. Perspektivmeldinga, som blei lagt fram i vår, viser at velferdsstaten ikkje er berekraftig. Me lever over evne i dag. Difor er det viktig å justera no, i staden for å skyva rekninga framfor seg, held Tord Hustveit fast.

21-åringen meiner avtalen mellom dei borgarlege partia tar for lite omsyn til generasjonsrettferd.

– Avtalen seier lite om kvar det skal skaffast pengar til dyre løfte som skattelette og samferdsle. Kvar meiner du det bør kuttast?

– Det er aldri så lett å kutta. Eg og Unge Venstre meiner ein bør sjå på sjukeløna. Ein har eigendeler på dei fleste andre område, og det er naturleg å også sjå på sjukeløna, seier Tord Hustveit.

– Petroleumsindustrien får dessutan 27 milliardar kroner i subsidiar som ein kan sjå på.

– Kva snakkar du om då?

– Det gjeld mellom anna refusjon for leitekostnader.

– Kvar elles meiner du det er mogleg å kutta?

– Det finst sikkert mykje, men ein må vega det på gullvekt for å sjå kva kutta går ut over.

Hustveit synest også avtalen kunne seia meir om dyrevelferd. Nynorsk og sidemål står det heller ingenting om, men Hustveit føreset at dagens språkpolitikk ligg fast.

LES OGSÅ: – Den viktigaste debatten me ikkje har

Mindretalsregjering
– Korleis kan Venstre vera nøgd med å stå utanfor regjeringa?

– Eg stolar på at Trine har tatt den rette avgjersla, seier Hustveit, og legg til:

– Det er ikkje umogleg at me hadde fått meir gjennomslag i regjering, men no er me i ein vippeposisjon som me kan utnytta til å få mest mogleg Venstre-politikk.

– I pressekonferansen der avtalen mellom dei fire partia blei underteikna, sa Trine Skei Grande at dette ville utvikla og styrka parlamentarismen. Kvifor er parlamentarismen viktig for Venstre?

– Det er fordi det er på Stortinget dei folkevalde sit. I ei fleirtalsregjering vil avgjerslene bli tatt på bakromma. Venstre er opptatt av openheit, og no blir det mogleg å sjå kven som har stemt kva. Dette er med på å få fram forskjellane mellom partia, seier Tord Hustveit.

LES OGSÅ: Lar seg insprirere av dansk klimasatsing

Demokratiets avant garde
Hustveit har tidligare leia Akershus Unge Venstre og sit som sentralstyremedlem og studerer samfunnsøkonomi ved Universitetet i Oslo. Valet skjer på landsmøtet til Unge Venstre siste helga i oktober.

– Kva blir den største forskjellen på deg og avtroppande leiar Sveinung Rotevatn?

– Dialekten? spør eidsvollsmannen Tord Hustveit, før han legg til:

– Me er samde om mykje. Unge Venstre og Venstre skal vera vaktbikkje, og står alltid opp for dei svake og er alltid liberale.

– Nokre meiner Unge Venstre har gått meir i liberalistisk retning. Kva seier du til det?

– Eg veit ikkje om eg likar slike merkelappar. Me er konsekvent liberale. Me har framleis eit sterkt sosialt engasjement. Desse sakene vil me halda fram med å bry oss om.

– Boka om dei hundre første åra til Unge Venstre, fekk namnet Demokratiets avant garde. Me skal halda fram med å vera det. Me skal stå opp mot overgrep frå staten mot enkeltmenneske. Me står opp mot datalagringsdirektivet og overvaking. Me vil ta dei prinsipielle debattane, me skal vera radikale og alltid gå føre, held Hustveit fram.

LES OGSÅ: Oljen bergar oss ikkje

Asylrett i grunnlova
Til neste år er det 200 år sidan Grunnlova blei skriven. Hustveit, som sjølv kjem frå Eidsvoll, kan gjerne tenkja seg ei endring i Grunnlova.

– Eg vil grunnlovsfesta retten til asyl. Noreg, som eit rikt og stabilt land, burde gjera det me kan for dei som ikkje har det så bra som oss. Det er viktig at me kan vera ei frihamn for dei som verkeleg treng det, seier han.

QUIZ: Kva veit du om Grunnlova?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.47

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE