Noreg er det nest beste landet i verda å bli gammal i, viser ei fersk undersøking. I Sverige er det aller best.

NPK-NTB-Ritzau-TT
NPK-NTB-Ritzau-TT

Undersøkinga som bistandsorganisasjonen Help Age International har laga, vart offentleggjort tysdag i samband med FNs internasjonale eldredag.

Medan Sverige, Noreg og Tyskland toppar lista over landa det er best å bli gammal i, følgjer dei andre nordiske naboane våre eit lite stykke ned på lista, med Island på 9., Finland på 15. og Danmark på 17. plass.

Plasseringa på lista er basert på 13 parameter, blant anna helsetilstand, økonomi og arbeid. Indeksen omfattar nesten 900 millionar menneske over 60 år – om lag 89 prosent av eldre personar i 91 land.

Noreg er aller best når det dreier seg om arbeid og utdanning, på tredjeplass innanfor økonomi, berre på 13. plass på helsestatus og heilt nede på 22. plass på tilrettelegging av omgjevnadene.
Nedst på lista kjem Afghanistan. (©NPK)

LES OGSÅ: Dette bør dei eldre bry seg om

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.47

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE