Runar Gudnason gjer ting han ikkje kan. Resultatet vert presentert på Ørsta kulturhus onsdag.

Janne-Marit M. Falch, Møre-Nytt
Janne-Marit M. Falch, Møre-Nytt

– Teatersjefen ringde i fjor haust og sa at eg skulle regissere stykket «Lilla» av Jon Fosse, og eg gjer som eg vert fortalt, seier han.

Han er best kjent som SjefR i Side Brok, men no har han prøvd seg på noko nytt.

– Det kom heilt ut av det blå. Eg vart veldig overraska og litt skrekkslegen, men eg klarer ikkje å seie nei til interessante utfordringar. Eg likar å jobbe med ting eg ikkje kan.

Frie tøylar
Ein overraska og litt skrekkslegen Runar Gudnason sa altså ja til å vere regissør for Teatret Vårt, utan at han visste nemneverdig om kva det ville innebere.

– Eg har prøvd mykje rart, men har aldri vore borti teater.

Gudnason fekk frie tøylar i arbeidet.

– Teatersjefen er veldig begeistra for Jon Fosse, og dette skulle verte sett opp mellom anna i samband med Språkåret, men så kan det fort verte veldig høgtidleg med stykka til Fosse. Dette ville teatersjefen gjerne få nokon til å løyse litt opp i, seier teaterregissøren, som forklaring på kvifor han fekk tilbodet om jobben.

Stykket har starta turneen sin i Møre og Romsdal, og vert spelt på Ørsta kulturhus onsdag.

Meirsmak
– Eg har teke meg store fridomar, og har omsett stykket. Det vert snakka både nynorsk og ulike dialektar. Eg laga også eit eige lydunivers. Fosse er veldig musikalsk i tekstene sine, så eg tok det lenger ut, og leikar med musikaliteten i språket, så det vert litt musikalinnslag også.

Gudnason legg ikkje skjul på at regissør-jobben har gitt meirsmak.

– Det har vore enormt lærerik å jobbe med dette. Og heldigvis har skodespelarane vore både kjekke, samarbeidsvillige og proffe.

Han la aldri skjul på at han var nybyrjar, og arrangerte workshop saman med skodespelarane for å få litt innspel.

– Eg hadde eigne, klare idear om kva eg ville, men så har vi leika oss fram i lag på andre ting. Dei har nok fått sagt meir enn dei har vore van med før.

Gudnason har brukt sjansen til å lære så mykje han kan, og om mulegheita skulle dukke opp igjen, trur han at han ville ha takka ja. No håper han at små som store tek turen til Ørsta kulturhus for å sjå resultatet, onsdag kveld.

– Eg kan dessverre ikkje vere der sjølv, fortel han frå eit lydstudio i København.

Andre prosjekt krev nemleg også sitt.

Les saka i Møre-Nytt!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.47
ANNONSE