Fisketuristane strøymer til Noreg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fiskeferieoperatørane Din Tur AS og Novasol AS har hatt ein omsetningsvekst på rundt ti prosent i år. Din Tur og Novasol leiger begge ut feriebustader til fisketuristar langs kysten, og dei fleste kundane kjem frå utlandet, skriv Nationen.

Overnattingsstatistikken til NHO reiseliv for feriemånaden juli viste ein samla nedgang på ti prosent i utanlandstrafikken til Noreg. I campingnæringa var nedgangen så stor som 19 prosent.

Napp i Aust-Europa
Fiskeferietilbydarane har fått napp i nye land, særleg i Aust-Europa, seier dagleg leiar Kjersti Lunde i Din Tur, som har nærare 500 utleigebustader mynta på sjøfisketuristar.

– Per august 2013 er bookingomsetninga 3,6 millionar kroner høgare enn på same tid i fjor, ein vekst på 7 prosent. Det kjem i hovudsak av auka sal i Tyskland og på nettet, seier Lunde til Nationen.

For året under eitt reknar ho med ein vekst på ti prosent, og tingingane for neste år tyder på at også 2014 blir eit vekstår.

Flest tyskarar
Novasol, som har rundt 600 utleigebustader til fisketuristar langs kysten, har så langt i år hatt ein vekst på 10 prosent, og bookingtala der er 30 prosent over nivået i 2011.

Tyskarane dominerer stadig i rorbuene – rundt 70 prosent av fisketuristane kjem frå Tysland – men både Novasol og Din Tur merkar auka interesse frå Aust-Europa, særleg Russland og Polen. Novasol har også auke i talet på tingingar frå Israel og Sverige. (©NPK)