Det kjem fram i rapporten til FNs klimapanel som blir lagt fram fredag.

NPK
NPK

Det einaste menneskja kan gjere for å stoppe den globale oppvarminga, er ein massiv innsats for å endre kjemien i atmosfæren, meiner FNs klimapanel.

Åtvaringa går fram av den nye rapporten som FNs klimapanel (IPCC) legg fram i Stockholm fredag. Det er første gongen klimapanelet tar opp tanken om å manipulere samansetninga av gassane i atmosfæren for å stoppe utviklinga – såkalla geoengineering – skriv vitskapsbladet New Scientist.

LES OGSÅ: Klimapanelet skuldar på menneska

Manipuleringa kan skje til dømes ved å sprøyte svovelpartiklar ut i stratosfæren for å kjøle ned planeten. Andre metodar kan vere å lage kunstige skyar og plassere ut gigantiske speglar i rommet som sender sollyset ein annan veg.

Etter det den britiske avisa The Guardian skreiv førre veke, er særleg Russland ivrig etter å ta i bruk slike metodar for å kontroll på klimautviklinga.

IPCC trur no at oppvarminga kjem til å halde fram i mange hundre år, sjølv om utsleppa stoppar heilt opp. (©NPK)

QUIZ: Prøv deg på den store klimaquizen!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.46

LES OGSÅ

ANNONSE