Gullsmed med sølvstreng

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Noreg er det berre rundt ti læreplassar som gullsmed. Ein må vere heldig for å få læreplass. Heller ikkje som ferdig utdanna kan ein rekne med at det står jobbtilbod i kø.

Smykkebehandling
Josephine Ryan er pinleg nøyaktig. Noko ein nesten må vere i yrket. Fingrane er godt herda av fil, stikk og sag. Panneluggen har vorte svidd  opptil fleire gonger.

– Måten folk behandlar smykka sine på er mykje likt som måten ein treåring behandlar ting på, fortel den ferske gullsmeden.

Somme tider let ho dottera på tre år kvalitetssjekke smykka ho lagar.

I dag får ho inn varer frå leverandøren. Sølvstreng og vitrexsyre til å vaske sølvet i.

– Sølv ligg no på rundt 10 kroner grammet, i motsetning til gull som ligg på mellom 300 og 350 kroner grammet, forklarar Ryan.

Ofte står det ei samlebøtte under filestaden, for å fange opp det verdifulle støvet. Særleg gullsvinn er dyrt.

LES OGSÅ: Jublar for auka stipend til yrkeselevar

Den spede byrjinga
Ryan er i gang med å lage seg sin eigen arbeidsplass. Firmaet hennar, Miriel Design, vart registrert i fjor medan ho gjekk siste året av den toårige utdanninga på Plus-skolen i Fredrikstad, ein av tre skular i Noreg som tilbyr opplæring i gullsmedfaget.

Kvart år tek mellom 35 og 40 nye gullsmedar svenneprøven. Utdanningsløpet kan anten vere toårig skulegong, eller eitt år på skule og to i lære. Ho valde bevisst toårig skulegong, men for dei som vil gå i lære er det ei utfordring å finne plass.

– Dei fleste får ikkje læreplass. Det løner seg ikkje for ein gullsmed å ha lærling. I tillegg er det risikabelt om lærlingen øydelegg noko.

LES OGSÅ: Kulturarv som valfag frå hausten

Saka fortset under biletet.


Josephine Ryan syner fram eit smykke ho laga under utdanninga. Kula i midten kan opnast.

Små bedrifter
Dagleg leiar i Noregs Gullsmedforbunds detaljistforeining, Ragnvald Nore, bekreftar at mangel på læreplassar er eit problem.

– Ein god læreplass alltid vil vere betre enn eit skuletilbod, meiner Ragnvald Nore i Noregs Gullsmedforbund, som peikar på at mange små fag slit med det same.

Nore meiner små bedrifter, komplisert produksjon og økonomi er orsakane til lærlingeplassmangelen.

– Dei fleste bedriftene i bransjen er einmannsbedrifter der det kan vere vanskeleg å gje opplæring og relevant praksis.  Det er ei stor utfordring å sette ein lærling til å reparere smykker, til dømes arvesmykker, kostbare steinar, diamantar. Det er òg svært kostbart å sette lærlingen til øvingar i edelt metall.  Ein stram økonomi i desse bedriftene gjer òg at innehavaren må nytte mesteparten av si tid på produktivt arbeid, forklarar Nore.

For filigrekarar, som lagar bunadssølv, er det noko lettare å få læreplass, sidan bedrifter får ekstra tilskot for å ha lærlingar i små handverk.

LES OGSÅ: Møbelsnikkaren

Saka fortset under biletet.


Utstyret i den midlertidige verkstaden er enkelt. Snart får Ryan skikkelege maskiner og meir plass.

Internettsal
Ein bod i hagen heime i Sarpsborg, sett opp av svigerfar, fungerer som midlertidig verkstad for Josephine Ryan. Men ikkje lenge, ho har fått tak i verkstadlokal der ho snart flyttar inn.

– Eigentleg likar eg best å teikne, men det er vanskeleg å leve av, så eg ville ha noko meir handfast, forklarar Ryan.

Salet hennar går for det meste over internett gjennom sida Etsy.com, medan promoteringa gjerast på Facebook. I tillegg deltek ho på nokre messer.

Ho designar etter eige hovud, men lagar òg smykker etter kundens eigne idear og ynskjer. 

– Eg fekk ei bestilling der ei dame ville at eg skulle lage eit smykke av tanna til hesten hennar, som var avliva. Det er ein av dei få tinga eg har sagt nei til, fortel Ryan.

For som nyutdanna må ein ta det ein får. På bestillingsblokka framover ligg mellom anna ein stor løvering og fullt sett med smykker til ei brur. Ein liten meteorbit til den nette sum av 900 kroner ligg òg klar til bruk.

– Eg får nokre bestillingar frå amerikanarar, som då gjerne fortel at dei har norske røter. Her om dagen sendte eg ein pakke til Japan, men det er ikkje ofte. Mesteparten av salet er i Noreg.

LES OGSÅ: Styr unna hobbyen som yrke

Saka fortset under biletet.


På kort tid har Josephine Ryan lodda eit armband, som skal bøyast til.

Draumekolleksjon
Eit smykke laga av Josephine Ryan kan ta alt frå ein halvtime til 70-80 timar.

– Det vert sjølvsagt dyrare enn smykka ein kjøper frå Kina, men me vonar det vil verte ein marknad for handlaga smykker i Noreg framover.

Det er likevel få smykker å spore på gullsmeden sjølv.

– Eg har vent meg til å gå utan smykker, fordi det er upraktisk i verkstaden, og kan vere farleg rundt nokre maskiner.

Det er dyrt å skulle satse. Ho har ikkje alle maskinene på plass enda, men har vore så heldig å fått ein avtale med ein pensjonert gullsmed om å kjøpe brukt av han.

Den nyutdanna gullsmeden har allereie planar om å lære seg glasblåsing og drøymer om ein gong å drive eit eige galleri. Før det er draumen å få seld ein smykkekolleksjon til ein butikk. Gjerne ein av dei store kjedene.

Faktaboks

Gullsmedutdanning:

Vanleg løp er VG1 Design og handverk, før VG2 Design og gullsmedhandverk, deretter to år i lære eller eitt år til på skule.

Desse skulane tilbyr utdanninga:

  • Elvebakken vidaregåande skule i Oslo
  • Setesdal vidaregåande skule i Valle
  • Plus-skolen i Fredrikstad tilbyr gullsmedutdanning.