Ni av ti skular har fått pålegg av Arbeidstilsynet om å betre inneklimaet.

mm

Dei to siste åra har 301 skular i 143 kommunar hatt tilsyn av Arbeidstilsynet, konklusjonen er at kommunane ikkje gjer nok for å sikre eit forsvarleg inneklima ved skulane, skriv Utdanningsnytt.no.

LES OGSÅ: 37 kommunar strauk på inneklima

Manglande vedlikehald
Mange skular slit med vatnlekkasjar og fukt, nokre har til og med vore nøydd å stengje. Arbeidstilsynet knyter ein stor del av inneklimaproblema til dårleg vedlikehald og mangel på førebyggjande arbeid.

På sine nettsider skriv Arbeidstilsynet at dårleg kommuneøkonomi er den vanlegaste grunnen til manglande vedlikehald på norske skular, dei meiner likevel at problemet handlar om prioritering og vilje.

– Veldig mange kommunar har verken ei risikovurdering av inneklima eller en vedlikehaldsplan. Når dei ikkje har kartlagt og ikkje har planar, er det vanskeleg å prioritera tiltak. Fleire av kommunane har sagt at når dei har laga gode vedlikehaldsplanar og presentert det for politikarane, har dei fått pengar, seier prosjektleiar i Arbeidstilsynet Conny Bruun.

LES OGSÅ: Kjempar for elevane

Melder ikkje frå
Arbeidstilsynet har kjennskap til tilsette ved norske skular som har auka symptom av hovudverk og forkjøling , utan at det vert rapportert vidare.

– Når tilsette slutter å seie i frå fordi dei har dårleg erfaring med at det ikkje vert følgd opp, tykkjer me det er alvorleg. Slike helseproblem  synes ofte ikkje på sjukefråveret, fordi folk går på jobb likevel. Om helseproblem ikkje rapporterast som mogleg arbeidsrelatert, vert det vanskeleg for arbeidsgjevar å følgje opp, seier Bruun til Utdanningsnytt. 

LES OGSÅ: Skal ikkje bli sjuke av å gå på skulen

Fire milliardar årleg
Kommunesektorens organisasjon (KS) meiner pengemangel er et problem og har anslått ei bevillingsauke på rundt fire milliardar kroner årleg for å klare å halde anbefalt vedlikehald av kommunane sin bygningsmasse.

KS peiker på ei undersøking som syner at ein tredel av kommunalt eigde bygg har omfattande oppgraderingsbehov.

I ein e-post til Utdanningsnytt seier områdedirektør for interessepolitikk i KS, Helge Eide, seg einig i at det er eit spørsmål om prioritering, saman med pengar.

–Det handlar om prioriteringar, kompetanse og pengar samla i kommuneøkonomien. Det vanskelege med prioriteringar er ikkje å seie kva som skal prioriterast opp, men ned. Der er det ofte tynt med konkrete forslag, både frå tilsyn og andre, seier Eide.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.46

LES OGSÅ

ANNONSE