– 18-åringar er slett ikkje vaksne

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Pubertetsalderen kan fortsette heilt opp til 25-årsalderen, seier barnepsykologen Laverne Antrobus til BBC.

– Førestellinga om at ein plutseleg er vaksen når ein fyller 18, er berre ikkje rett, legg han til.

Britiske barnepsykologar har ifølgje BBC fått nye retningslinjer for kva for ei målgruppe dei skal rette seg mot. Tidlegare skulle pasientane vere i alderen 0– 18 år. No skal dei vere frå 0– 25 år.

LES OGSÅ: – Lærer for lite om politikk

– Vi blir meir og meir klare over utviklinga etter 18. Eg synest det er eit godt initiativ, seier Antrobus, som fastslår at hjernen utviklar seg også etter fylte 18, i tillegg til at hormona tumlar rundt.

Eit menneske si emosjonelle utvikling, dømmekraft og synet på seg sjølv vil endre seg etter kvart som hjernen blir ferdigutvikla. I tillegg har vi eit samfunn som dyrkar den umodne ungdomsrolla. TV-seriar er blant anna fulle av stereotypar av unge vaksne som slit med familiane sine og ikkje heilt greier å lausrive seg, påpeikar BBC. (©NPK)

Kva tid meiner du ein er vaksen?