To av tre tenåringar brukar ikkje sykkelhjelm

Unge mellom 12 og 17 år er dårlegast til å bruke sykkelhjelp. Berre ein av tre beskyttar seg. 

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Unge brukar ikkje sykkelhjelm

 Statens vegvesen har registrert hjelmbruk på 9.800 syklistar over heile landet i år og kan gle seg over at 4 prosent fleire enn i fjor brukar hjelm. Men blant ungdommen er tala uroande.

Avdelingsdirektør Guro Ranes i Statens vegvesen meiner dette er ei utfordring sidan denne aldersgruppa syklar mykje, men kanskje ikkje har god nok forståing for risikoen dei utset seg for.

Barn under 12 år brukar mest hjelm, så mange som 75,4 prosent. Blant vaksne over 17 år er menn flinkast (58,4 prosent), medan kvinnene ligg litt bak (51,9 prosent).

LES OGSÅ: – Sykkelen er ein døropnar