Siv Jensen vil tape andlet om ho ikkje kjem i regjering. Dette gjer at Høgre lettare kan presse Frp, meiner forhandlingsekspert. 

mm

Høgre, Frp, Krf og Venstre sit no i sonderingsmøte for å finne ut om dei skal gå inn i regjeringsforhandlingar saman. Forhandlingar som ventast å vere ferdige først om ein månad.

Framtida.no har snakka med forhandlingsekspert Sigurd Knudtzon og professor Frank Aarebrot om kva dei meiner er utfordringane i dei komande forhandlingane mellom partia som kan utgjere Noregs neste regjering.

LES OGSÅ: Må ha støtte frå Frp og sentrum

Høgremakt
Advokat Sigurd Knudtzon, som har skrive boka «Å forhandle», fortel at maktbalansen i forhandlingar avheng av talet på alternativ og meiner at Høgre er dei som har flest alternativ i forkant av regjeringsforhandlingane: anten ei firepartiregjering, ei regjering med Frp, eller å regjere åleine.

–Å regjere åleine vil ikkje vere noko dårleg alternativ for Høgre, då dei har mange saker det er fleirtal for i Stortinget, seier Knudtzon og ramsar opp Lofoten, innvandring, formue og arveavgift, samt til dels skulepolitikken deira.

Partia er i gang med å finne felles grunn for ei eventuell regjering. På torsdagens pressekonferanse signaliserte komande statsminister Erna Solberg at kunnskap, forsking og innovasjon vil verte viktige saker, saman med valfridom for familien og den enkelte.

Fredag gjekk partia ut med at dei var einige om ei kommunereform.  

Sannsynlegvis firepartiregjering
Frank Aarebrot, professor i samanliknande politikk peikar på at stoda i sonderingane fram mot regjeringsforhandlingane endrar seg frå dag til dag.

 – Mellompartia står i best forhandlingsposisjon, fordi dei har moglegheita til å gå andre vegen, meiner Aarebrot, som likevel meiner at ei firepartiregjering er det mest sannsynlege.

Knudtzon meiner òg at KrF har mange alternativ.

 – Dei kan sitje i ei firepartiregjering, dei har reservert seg slik at dei ikkje må inn i regjering, dei kan regjere med Venstre og Høgre, og dei kan òg sitje i ei regjering der Frp er med, sjølv om dei er reserverte mot dette, seier Knudtzon, som meiner at Venstre har dei same moglegheitene, sjølv om dei verkar litt meir regjeringsklare.

LES OGSÅ: Aarebrot trur Sp kan byte beite

Endra innvandringsretorikk
Dei to minste partia som kan verte med i regjeringa, Venstre og KrF, har avtalt å halde følgje. I saker om miljø og innvandring er desse partia ueinige med Frp. KrF-leiar Knut Arild Hareide har mellom anna opplevd press frå eige parti om å ikkje regjere med Frp, medan andre meiner KrF må i regjering.

 – Den seinare tida har innvandringspolitikken, eller retorikken endra seg. Trass i nokre ideologiske forskjellar kan dei inngå kompromiss i praktiske saker, det kjem ann på viljen og motet. Handlingsregelen er eit ankepunkt, men det er vanskeleg å peike på enkeltsaker som kan felle forhandlingane, meiner Aarebrot.

Partia har tidlegare uttalt at nynorsken ikkje er ei sak som åleine kan velte ei regjeringsforhandlingane.

Fleire Høgre-politikarar har uttrykt uro over om Høgre trekk seg på oljeboring i Lofoten, ei sak Høgre gjekk til val på, men som mellompartia er mot.

Aarebrot meiner at mykje avhenger av mellompartia, som står sterkare saman.

 – Det spørs om Venstre tykkjer det vert uspiseleg å sitje i regjering med Frp etter dei siste sprella frå Tybring-Gjedde. Vert ikkje mellompartia med, er det ikkje sikkert Høgre vil ta belastinga med å regjere åleine med Frp, og me kan få ei rein Høgre-regjering, seier Aarebrot.  

LES OGSÅ: Frp garanterer færre innvandrarar

Vanskeleg for Frp
I tillegg til å vurdere eigne alternativ er det viktig å analysere dei andre partane sine alternativ. Ifølgje Sigurd Knudtzon er det her mange gjer feil.

– Mange gløymer dei andre, fordi dei er så oppteken med kva dei sjølv vil. Ser ein ikkje på dei andre partane sine alternativ, stryk ein i forhandlingar, seier Knudtzon, som baserer seg på Harvard-metoden for forhandlingar.

Ifølgje forhandlingseksperten er det Framstegspartiet som står i dårlegast posisjon før forhandlingane tek til.

– Om Frp ikkje kjem i regjering er det eit prestisjetap. Siv Jensen er den som tapar mest status om ikkje regjeringsforhandlingane går i land, fordi ho har hausa dette valdsamt opp. Dei har difor ikkje så mange alternativ. Høgre er då i ein god forhandlingsposisjon ovanfor Frp, sidan dei kan presse Frp ein del, meiner Knudtzon, og legg til:

– Men som Carl I. Hagen har sagt kan dei ikkje pressa Frp så langt at det vert eit SV-syndrom, at dei vert så marginaliserte at dei like gjerne kunne stått utanfor regjeringa, seier Knudtzon, som meiner at Venstre kan pressast noko meir enn KrF.

QUIZ: Kva veit du om Framstegspartiet?

– Småpartia har fleire regjeringsskeptikarar. Dette inneber at Høgre kan stille krav til dei partia, som igjen kan trekkje seg om dei ikkje får viljen sin. Sjølv om han meiner Høgre godt kan styre åleine, peikar han på at alliansar er nyttige når det kjem til budsjettforhandlingar.

– Høgre sin økonomiske politikk er eigentleg ganske lik Ap, sett vekk frå nokre symbolsaker. Men Høgre kunne ikkje ha samarbeidd med Ap. Der går grensa og det er eit skilje me er einige om i norsk politikk, seier Knudtzon.

Aarebrot peikar på at Høgre har gode erfaringar med å regjere åleine frå Willoch sin periode i 1981-85.

– Det er kanskje den regjeringa som har endra mest på kortast tid. Med ei rein Høgre-regjering slepp dei å få gjennomslag i regjeringa før Stortinget. Men Erna føretrekk nok ei fleirtalsregjering, seier Aarebrot.

QUIZ: Kva veit du om Høgre?

Kommunikasjonssvikt
I praksis er det den menneskelege dimensjonen som oftast er orsaka til at forhandlingar skjærer seg. Det er ikkje at partane ikkje kan bli einige, men at kommunikasjonen sviktar.

– Då er det gjerne fordi folk misforstår einannan i kommunikasjonsprosessen. Eg trur ikkje den menneskelege dimensjonen vil vere avgjerande i desse forhandlingane. Nokre av dei har vore i regjering saman før. Slik eg forstår det er Siv Jensen og Trine Skei Grande gode vener personleg, og alle har vore med i politikken lenge. Det mest spanande er kor langt dei er viljuge til å gå i kompromissa, seier Knudtzon.

Professor Aarebrot trur at regjeringsskiftet kan føre til mindre forandringar enn nokon fryktar og andre ventar seg.  

– Det vert nok mindre forandring enn det mange borgarlege ventar seg. Eg bruker å seie at jo fleire parti, jo mindre forandring, meiner Aarebrot. 

Kva regjering trur du vi får?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.46
ANNONSE