Valkamp med vind i håret

Marianne Granheim Trøyflat
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Veljarane hadde fortent betre, det skal eg vera den første til å vedgå. Dei blir meir veloppdragne for kvart år som går, og nærmar seg politikken på ein stadig meir seriøs måte. Dei hadde fortent nokon som med iver og glød svara på etikken rundt assistert befruktning, logikken i å setja søte små sølvrevar i bur, og panikken for stadig aukande bustadprisar. I staden møtte dei meg. Ein tanke sliten, ein tanke raud i andletet, ein tanke lei av heile opplegget. 

Når du du driv valkamp for Oslo Senterparti, er det med vind i håret. Altså i motvind. Ein blir nedprioritert i partiet og uglesett i byen. Men så er det dette med at ein likevel er så veldig glad i partiet sitt, at den raud-grøne regjeringa er den einaste verkeleg framtidsretta, og at ein vil vi vera med på det som er viktig her i verda, så da gjer ein det likevel. 

Så vi rigga oss til på Karl Johan, nok ein gong. Vi hadde kjøpt ei camping-vogn for to år sidan og med ei fornying av logoen dugde ho framleis. Tradisjonen tru dominerte skulebarn føremiddagsøktene. «Hva mener dere om ulv?» «Vi meiner at han må haldast vekk frå der sauene beiter, elles kan ikkje bøndene produsere mat». Barna såg ut til å ha akseptert svaret. Eg var nøgd. «Hva mener dere om helsekøene?» Eg kjente eg ville grine. Når eg ikkje eingong greier å svara på noko slikt, har eg ingenting i politikken å gjera, tenkte eg nedbroten. Men det handla strengt teke ikkje om meg, og barna måtte få svaret sitt.

Eg kalla på ein eldre partikollega som straks visste råd. Ho trakk pusten, heva begge armane og proklamerte høgt og tydeleg at den einaste måten å få bukt med helsekøane på her til lands, er førebygging. Folk må eta sunnare, mosjonere meir, slutte å røyke og drikke mindre. Barna stod stumme og storauga tilbake. Så enkelt var det. Eg var oppgitt på eigne vegne, stolt på partiets.

Så har vi teke imot ei rekkje debattinvitasjonar. Frå aust og vest. Frå Grorud og Fagerborg, frå Fagforbundet og forsvaret. Vi har reist langt opp i dalen lenge etter arbeidstid med høggravide førstekandidatar og har måtta gå i svært langsamt tempo for å unngå fødsel i femte månad.  Vi har reist til Fagerborg kirke for å snakke til (bokstaveleg tala) døve øyre, og vi har vore på Litteraturhuset med færre i salen enn i panelet.

Den kinesiske diasporaen ville ha oss. Den vietnamesiske diasporaen ville ha oss. Den tamilske diasporaen vil ha oss, og den pakistanske kvinnelege minoriteten ville ha oss. Diverre måtte vi seia nei til den etiopiske kvinnelege minoriteten, men det var med tungt hjarte, og beskjeden var heller ikkje teken nådig opp. Elles har vi kåra årets brød, stilt opp på Natteravnenes dag (!) og satt verdsrekord i utdeling av knaskerøter til forfjamsa t-bane-passasjerar.            

Ikkje for å klage, men slikt tek faktisk på. Ikkje at eg har jobba som innmari mykje denne valkampen, det var berre alt maset. Ofte ville eg grine, av og til gjorde eg det.  Likevel fann eg ei slags trøyst i at det heile snart var over, og at det neppe ville bli verre. Og sjølvsagt var det da telefonen ringte, og  ein heller opphissa ringrev i partiet som lurte på kvifor i all verda eg ikkje hadde lagt til rette for ein duell mellom han og kandidaten til Miljøpartiet Dei Grøne på Karl Johan. Han mottok ei audmjuk tekstmelding ein time seinare, med ein stor takk for entusiasmen, men at slikt ikkje låg inne i timeplanen hjå oss.     

Så, er det eigentleg noko som er moro valkamp i det heile? Ja, det er eit par ting. Av og til ser du at folk er flinkare enn deg sjølv, og du oppdagar, forskrekka nok, at du er glad, og ikkje misunneleg.  Vi dreg laget saman, og det er faktisk heilt naudsynt for å drive eit parti at folk er ulike. Eg blir aldri den store folketalaren, men det er heilt greitt, for det var faktisk eg som sørgja for veldig mange lesarbrev på trykk denne gongen. Og når ein partifelle på valvaken trur seg til deg, som den mest naturlege ting i verda, at han stemte MDG denne gongen i byte mot at svigerfaren i Nord-Trøndelag skulle stemme Sp der, ja da blir du iallfall minna på ein ting som er gøy med politikken. Han sluttar aldri å overraske.