Lærarane Kyrre Grevstad og Ingvil Aarbakke ved Nordahl Grieg vidaregåande skule meiner lærarane no har fått uønska medisin mot eit trynefaktorproblem som ikkje finst.
– Det går gjerne mest utover dei svakaste elevane. Det er dei som får ei god oppleving ved å få tilbakemelding om at «denne gongen har du klart det», seier Aarbakke til NRK.
Som første fylkeskommune i landet valde Hordaland denne veka å gjera dei avsluttande heildagsprøvane anonyme. I vår innførte Rogaland ei prøveordning, men gjekk nyleg vekk frå dette, då det viste seg at anonym retting ikkje hadde nokon effekt.
LES OGSÅ: – Gå til rektor med håplause lærarar
Rektor Linn Holvik på Nordahl Grieg vgs. reagerer kraftig på vedtaket frå fylkeskommunen i Hordaland.
– Lærarane er høgt utdanna akademikarar og følgjer nøye med på forsking. Dei er meir enn høgt nok utdanna til å ta den vurderinga sjølv, meiner ho.
Dan Femoen frå Høgre seier det var viktig å lytta til elevane. Partiet gjekk nyleg til val på meir bruk av anonym retting.
– Det er viktig fordi elevane føler dei får ein objektiv, kvalitetssikra og ikkje minst ein rettferdig karakter. Som ikkje er basert på trynefaktoren som mange opplever, seier Femoen.
LES OGSÅ: – Lei av dårlege råd
Han seier det viktigaste for dei er at elevane vert høyrde.
– Elevorganisasjonen har hatt ei undersøking der 6 av 10 elevar seier at trynefaktoren har hatt innverknad. (©NPK)
Kva synest du om anonym retting av prøvar?