– Eg har søkt mykje på Google

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Mamma gav meg streng beskjed før eg reiste om å ikkje hjelpe alle eg møtte, fordi dei berre kom til å tigge meir, fortel Anne Louise Hübert (23).

LES OGSÅ:  Ungdom trur på ei rettferdig verd

Hjelp til eigen verdiskaping
Som 19-åring, etter å ha fullført vidaregåande, reiste ho åleine ut i verda med eit ynskje om å hjelpe, ein tur som utvikla seg til prosjektet Aid in Action.

I dag lanserast boka hennar «Papayaene i Gombolo», der ho fortel si historie, som ho vonar kan inspirere folk i alle aldrar.

Kva er den beste måten å hjelpe folk på?

– Ikkje slik som eg gjorde i alle fall. Eg gav dei mat, men då må du berre gje dei ny mat i morgon. Ein må heller hjelpe folk til å produsere sjølv, gje dei moglegheiter til å skapa verdiar. Folk trur dei er så fattige der nede, men dei har både sol og jord.

Etter at ho fyrst hadde trossa oppmodingane frå mor om å ikkje gje til tiggarar, starta ho å samle inn pengar til naudhjelp i Kenya og Somalia. Etter dette har hjelpen vorte retta mot meir langsiktige prosjekt som tilgang på vatn, jordbruk, sagbruk til opplæring, drivhus til skular, barnesenter og sjølvsagt planting av papayatre.

Til dagleg studerer Hübert medisin i ved Universitetet i Oslo, parallelt med det har ho dagleg kontakt med sine samarbeidspartnarar i Kenya via e-post. Fem personar driv arbeidet i Noreg, saman med 20 lokale som driv basen i Kenya. Ein gong i året er ho attende i Kenya.

– Eg føler eg er der nede kvar dag, fordi eg er så involvert.

LES OGSÅ: – Det sender eit veldig dårleg signal!

 “White collar job”
Ser ein afrikanske barn på tv som snakkar om draumane sine, er det ein heil del som vil verte lege. Hübert kan bekrefte at den myta stemmer.

– Lege er mellom det dei kallar ein “white collar job”, altså ikkje “white colour”, presiserer ho, og legg til at mange på landsbygda vil verte advokatar og ingeniørar òg, andre kvitkragejobbar.

– Eg oppmuntrar dei til å bli ting det er behov for. Mange som bur der og eig land trur ikkje at tre er vegen til rikdom, den det er det.

– Ei ting som gjorde spesielt inntrykk på meg då eg var ute og reiste var ei jente i Uganda. Eg traff nokre ungar og spurde dei kva dei ville bli. Dei svarte lege, unnateke ei jente, ho sa: «I wanna be the president of Uganda». Då gav eg ho visittkortet mitt og sa ho måtte ringje meg når ho vart president, fortel Hübert, som meiner at å hjelpe andre å oppfylle draumar for andre er noko av det viktigaste ein kan gjere.

LES OGSÅ: Med nynorsk på brystet

Sosiale medium
Fem år har gått, ho har opplevd mykje og Aid in Action har vekse.

Dei to siste åra har organisasjonen fått inn rundt 2 millionar kroner kvart år. Det er mykje, når det berre kostar 50 øre å mette eit born.

Teknologien og sosiale medium har gjort mykje for moglegheita til å drive hjelpearbeid.

– Eg får inn mykje pengar via Facebook, i tillegg til ein del rike folk er det ein del unge som gjev, det er kult, meiner Hübert, som peikar på verdien av at gjevarane kan sjå kva gåva går til mellom anna via Facebook.

LES OGSÅ: Stormakt på bistandstoppen

Bøn og Google-søk
Det er mange som kontaktar ho, som vil hjelpe, men Hübert trur ikkje det har noko for seg at alle dreg ned.

– Det viktigaste arbeidet gjer me her heimanfrå. Det er ikkje me som skal grave hol og byggje hus, men me kan bidra med idear og startkapital.

Sjølv trur Hübert at ho har ein fordel som ung jente i arbeidet ho driv med.

– Kenya har eit mykje meir hierarkisk system enn Noreg og alle har veldig mykje respekt for kvite. Sidan eg er så ung vert eg ikkje automatisk over dei, dei tør å utfordre meg og stille spørsmål.

Men å starte opp har sjølvsagt og bydd på utfordringar, særleg når det gjeld nettverk.

– Eg ba til Gud, fordi eg ikkje hadde nokon og då kom hjelpa som eit mirakel, fortel Hübert.

Mirakelet heitte Prospera Networks, og er ein organisasjon som stiller fagfolk til rådigheit for friviljuge organisasjonar.

– I tillegg var det mykje teknisk eg ikkje kunne. Kor mange 19-åringar er det som har bora ein brønn? Eg har søkt mykje på Google, for å finne ut av alt mogleg rart, fortel Hübert

Ho trur at ho er langt ifrå den einaste som har leita etter ei større meining med livet, i eit land der fleirparten har det så godt og trygt.

– Mange lever A4-liv, der dei fyrst går på skule, får seg utdanning, får seg hus, får seg barn. Eg lev for så vidt òg eit slikt liv, men hadde ei kjensle av meiningsløyse.

LES OGSÅ: Hjelp over alle grenser

Førstehjelpskurs
Med konklusjonen om at meininga med livet må vere å leve for andre, er neppe valet av karriereveg tilfeldig.

– Eine gongen eg var i Kenya var det ein mann som kollapsa. Me sat i ein bil og vart ringt opp. Me snudde. Då me kom der stod det fem personar rundt og såg på, ingen visste kva dei skulle gjere. Eg starta med livreddande førstehjelp, men han var allereie død, fortel Hübert.

Ho tykte det var frustrerande at ingen kunne fyrstehjelp, og nytta difor første høve ho hadde til å ha eit lite kurs for rundt 400 folk då dei var samla.

– Kva er dei største problema i verda i dag?

– Eg ser ikkje på det som problem, men utfordringar. Det er så mange, seier Hübert, og peiker på mellom anna barnedødelegheit.

– I tillegg er det mange unge jenter på min alder som dør under fødsel, fordi dei ikkje har ordentlege fasilitetar.

Nokon klarar berre ikkje å la vere å hjelpe.