Nybølgje

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Musikalsk oppvekst
Miguel Jontel Pimentel vart fødd 23. oktober 1985, og vaks opp i byen San Pedro i Sør-California. Far hans er meksikansk, medan mora er afroamerikansk; dei var begge musikkinteresserte og spelte gamal r'n'b, hiphop, funk og rock for Miguel medan han vaks opp. Dette påverka nok Miguel sin barndomsdraum om å bli dansar – og det at han seinare endra meining til å vilje bli musikar. Foreldra skilde seg då Miguel var åtte år, og han vart buande med mora.

På skulen lærte ungane å skrive dikt; Miguel begynte å skrive dikt på eiga hand, og seinare songar. Han lånte ein bandopptakar av onkelen sin og spelte inn musikken. Allereie som 15-åring kom han i kontakt med produksjonsselskapet Drop Squad. Mykje av vidaregåande-tida gjekk med i studio. I 2004 skreiv Miguel kontrakt med eit lite plateselskap kalla Black Ice. Han gav ut singelen Getcha Hands Up (2006), men følte at plateselskapet skauv han i retning av ein musikkstil og eit image han ikkje ville ha. Miguel braut med Black Ice i 2007.

Éin viktig song
I november same år, etter å ha sendt songar til musikkmogulen Mark Pitts i månadsvis, fekk Miguel platekontrakt med Jive Records. Det var den personlege låten Sure Thing som endeleg overtalte Pitts. Miguel spelte inn debutalbumet All I Want Is You i starten av 2008, men det kom ikkje ut før to år seinare, fordi Black Ice reiste søksmål mot han for brot på kontrakten. Dermed kom mixtapen Mischief: The Mixtape, som Miguel laga på eiga hand, ut før albumet hans. Han skreiv også låtar for artistar som Usher og Jaheim.

All I Want Is You kom ut mot slutten av 2010, fekk det ikkje mykje merksemd, men albumet vart liggande på Billboard-lista i 45 veker, og selde etter kvart meir og meir. Singlane Sure Thing og Quickie vart populære. Miguel turnerte med Usher og Mary J. Blige.

I 2011 vart Jive Records lagt ned, og RCA Records tok over. Miguel var med på flyttelasset. Det første albumet hans hadde vorte marknadsført for mykje som standard r'n'b, syntest han, det representerte ikkje den artisten han var. Derfor ville Miguel ta meir kontroll over den neste utgjevinga si.

Gjennombrot
Miguel begynte å jobbe med Kaleidoscope Dream i 2011. Han skreiv alle songane på albumet sjølv (nokre saman med andre), og produserte det. Musikkuttrykket er framleis r'n'b/soul, men låner mykje frå elektronika og psykedelika. Miguel ville re-introdusere seg som artist med dette albumet, og var svært oppteken av at det skulle uttrykke personlegheita og livsstilen hans.

Kaleidoscope Dream kom ut hausten 2012 og fekk gode kritikkar. Singelen Adorn var det store kommersielle gjennombrotet hans, og låg høgt på Billboard-lista. Til songen Candles In The Sun laga Miguel ein video som seinare vart nominert til «beste video med eit bodskap» på Video Music Awards 2013. Han har fleire gongar uttrykt at han vil skrive r'n'b-songar med andre tema enn berre kjærleik. Både tekstleg og musikalsk høyrer Miguel dermed til den nye bølgja r'n'b-artistar, saman med bl.a. Frank Ocean.

Sjekk ut andre musikktips her!

Faktaboks

Musikktips for september

Dan Bodan – Anonymous
Autre Ne Veut – Play by Play
Sonido Lasser Drakar – I Feel Fine
Sbtrkt feat. Little Dragon – Wildfire