SpU-leiar i Telemark følgjer Sandra Borch

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ny SpU-leiar går av

Også Felle har informert sentralstyret i Senterungdommen at ho trekkjer seg, skriv Nettavisen.

Felle trekkjer seg av same årsak som Borch, men går eitt skritt lenger, ho melder seg nemleg ut av partiet i same slengen.

– Det har vore noko eg har tenkt på lenge. Eg tenkte veldig på det under valkampen, men valde å vente til etter valet. Og så kjente eg på veldig mykje av det Sandra gjer, at det ikkje er rom for å meine nye ting i Senterpartiet, seier Felle.

LES OGSÅ: Lundteigen gjev Borch delvis rett

Dermed får Sandra Borch full støtte etter at ho tysdag kritiserte leiinga i Senterpartiet for å ikkje tenkje nytt. Ho forlét valvaka førre veke fordi ho reagerte kraftig på at partiet feira valresultatet, trass i at det var det dårlegaste valresultatet sidan krigen.

– Det er ikkje lov å tenkje nytt i Senterpartiet. Då blir du med éin gong ei urokråke som eigentleg bør rett ut. Det er hovudgrunnen til at eg gir meg. Eg trur ikkje partiet vil gjere endringar før vi er under sperregrensa. Då føler eg at eg kastar bort tida mi på å sitje som leiar, når eg ikkje får til noko som helst og ikkje får gehør for nokon tankar, sa Borch til VG tysdag.

Hilde Moi Felle er heilt einig i kritikken.

– Klart det toppa seg då Sandra valde å trekkje seg av same grunnar som eg har gått og tenkt på. Eg støttar henne 100 prosent, seier ho. (©NPK)

Kva meiner du om striden i Senterpartiet? Bør partiet søkja meir mot høgre i politikken?