Solberg: Ingen skilsetjande avklaringar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Solberg: Ingen avklaringar

– Vi har hatt det første sonderingsmøtet, men det kom ingen skilsetjande avklaringar i dag. Vi er einige om å halde fram og snakke vidare denne veka, sa Solberg utanfor Radisson Blu-hotellet i Nydalen i Oslo måndag ettermiddag.

LES OGSÅ: Må ha støtte frå Frp og sentrum

Einige om statsministeren
Dei fire partileiarane har likevel vorte einige om ein ting reint formelt: statsministerkandidaten er Erna Solberg.

Partileiaren i Frp, Siv Jensen, slo fast at det var godt å vere i gang, men strekar under at det er langt fram.

– Ingen trur at dette blir lett, men arbeidslysta er definitivt til stades, sa Jensen.

KrF-leiar Knut Arild Hareide og Venstre-leiar Trine Skei Grande er òg einige om at tonen i sonderingane er gode.

– Målet med desse sonderingane er å avklare om det er grunnlag for regjeringsforhandlingar, poengterer Erna Solberg.